Grønkledde barn og vaksne møtte fram i Ulsteinhallen onsdag for å treffe ein ekte OL-helt. Karsten Warholm har vore heime med familien eit par dagar etter OL i i Tokyo der han ikkje berre tok gull, men sette ny verdsrekord på 400 meter hekk. Han spøkte og lo med dei unge friidrettsutøvarane frå heimklubben Dimna.
– OL- gull er absolutt å anbefale altså, smilte Warholm på spørsmål om korleis det kjennest.
Medan han sprang sitt livs løp i Tokyo var idrettshallen full av bygdefolk som hadde stått opp grytidleg for å heie.
– Det var bra eg tok gull, så de ikkje stod opp forgjeves, spøkte Warholm.
Karsten Warholm kviler ikkje sjølv om han er sliten. Treningsøkta tok han i Ulsteinhallen.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKLite pause
25-åringen har ikkje rukke å kvile så mykje etter OL. Heller ikkje denne dagen var det pause. Den planlagde treningsøkta tok han i hallen i heimbygda med publikum til stades. Han synest det er fint å kunne inspirere dei unge i heimklubben sin.
– Det er ekstra kjekt å kunne vise fram medaljen til dei som har hatt ein liten del i dette. Og det er kjekt at det har kome til så mange nye sidan eg heldt på her, seier Warholm. Han er innom klubben med rundt 200 aktive fleire gongar i året.
Warhom traff mange kjende i hallen. Sebastian Brekke (5) veit godt at Karsten tok gull.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKVil bli som Karsten
Fridrettsøver Linea Voldsund (13) synest det er kjekt å treffe Warholm.
– Det er kult å sjå at det går an å bli så god, seier Volsund. Ho legg ikkje skjult på at ho sjølv drøymer om OL-gull i hekkeløp. Og verdsrekord for kvinner.
–Ikkje pensjonist
Karsten Warholm saman med kompisen Marius Brekke.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRKKompisen til Warholm, Marius Brekke, har aldri vore aktiv i friidrettsmiljøet. Han sit på benken og spøkar med at Karsten no kan pensjonere seg sidan han har tatt både EM-gull, VM-gull og OL-gull på 400 meter hekk. Det blir kraftig avvist.
– Det er ingen som har sagt at eg har nådd toppen endå. Det er alltid nye ting ein kan finne på, seier Warholm. OL-vinnaren meiner spørsmåla om å gi seg på topp er sjuke, sidan dette er det han likar å gjere. Han er framleis motivert til å trene.
–Er du lysten på å prøve nye greiner?
–Absolutt. Ikkje som hovuddel. 400 meter flatt som eg skal prøve meg på no er lik den eg driv med no. Det skal bli fint å sleppe å stri med hekkane, seier Warholm. Neste løp er Diamond League i Lausanne 26. august.
Vil ikkje ha eigen veg
Warholm blei hylla med talar og blomar. Ordførar Knut Erik Engh (Frp) sa at Ulstein kommune har vore i ein bølgedal med nedlegging av arbeidsplassar, men at Warholm representerer eit håp. Han trur OL-vinnaren gjer at fleire vil busette seg i bygda.
Dei siste dagane har mange snakka om at Warholm må få ei eiga statue eller ein veg kalla opp etter seg.
Til det smilte Warholm.
– Det er kjekt at folk set pris på meg, men når det kjem til gate og slikt klarer eg meg eigentleg utan, seier Warholm.
Ordførar Knut Erik Engh (Frp) heldt tale til Warholm. Han meinte at stemninga var så god i hallen under rekordløpet at Warholm burde ha vore i Ulsteinhallen.
Foto: Tore Ellingseter / NRK