Hopp til innhold

Karsten gler seg til VM

Forma og motivasjonen er på plass hos Karsten Warholm frå Ulsteinvik framfor junior-VM i friidrett.

Karsten Warholm

Karsten Warholm og trenar Arve Hatløy jubla etter VM-gull i åttekamp for U18 i fjor. Kanskje blir det nytt gull å hente for Karsten i USA.

Stortalentet frå Dimna IL i Ulsteinvik meiner det meste ligg til rette for at han skal kunne prestere bra i USA.

– Eg har fått førebudd meg som eg skal, og forma er bra, seier han.

Junior- VM i friidrett tek til om vel ei veke og 18 år gamle Karsten er ein sjølvsagt del av den norske troppa på 25 unge talentfulle utøvarar.

Warholm verdensmester

Supertalentet Karsten Warholm skal forsvare dei norske fargane i Eugene.

Foto: Norsk Friidrett

– Gjerne på pallen

Karsten stilar høgt når han skal forsvare dei norske fargane både på 4 x 100 meter stafett og i tikamp.

– Eg skal gjere mitt aller beste, og føler at eg har fått gjort dei førebuingane som er naudsynte. Eg er spesielt nøgd med at eg er teken ut til å vere med i tikamp, men det blir kjekt å springe stafetten også, seier Karsten ved avreise til Eugene i Oregon.

Det er berre få månader sidan Eugene var arrangørby for Diamond League. Då var litt eldre utøvarar i sving på friidrettsbanen. Kivinga mellom dei unge utøvarane blir neppe mindre.

Sterke frå aust

– Russland og Tsjekkia har nokre unge utøvarar som er ekstremt sterke. Dei blir dei hardaste konkurrentane mine.

Sjølv har han hatt ein glitrande sesong så langt, og har mellom anna sett personleg rekord i både i lengde og hopp. Karsten har også norsk juniorrekord på 400 meter med tida 46,31.

Tidlegare OL-vinnar Vebjørn Rodal meiner Karsten er det største norske friidrettstalentet gjennom tidene.

– Klart slike ord aukar forventingane. Men dei gjer meg ikkje nervøs. Tvert om; eg blir ekstra motivert til å yte enno meir, kommenterer Karsten.

Junior-VM i Eugene startar 22. juli og varer til og med 27. juli.