Hopp til innhold

Karsten-effekt gir full inntaksstopp

– Eg likar best å halde på med hekk. Det er fordi Karsten gjer det. Det seier 12 år gamle Emma Hageselle i Ulstein. Ho er dermed ein av dei heldige som får trene med Dimna idrettslag. Klubben har no innført full inntaksstopp fordi pågangen er så stor.

Dimna-jenter

Veninnene Clara Håndlykken, Emma Hageselle og Sofie Marie Sunde Aasen er samde om at friidrett er kjekt og at dei vil gjere det same som Karsten Warholm, springe hekk.

Foto: Arne Flatin / NRK

Emma er ein av rundt 200 barn og unge som kvar veke trenar i Ulsteinhallen. Ein av dei flottaste friidrettshallane i landet. Her vart det arrangert innandørs-NM for eitt år sidan, og Karsten Warholm har sett fleire rekordar her, seinast sist månad.

Kanskje ikkje så merkeleg då at interessa for friidrett er eksplosiv i sunnmørsbygda.

Hovudtrenar i klubben og trenar for nettopp Karsten i mange år, Arve Hatløy, vil likevel ikkje gje sin gamle elev all "ære" for interessa.

Arve Hatløy

Hovudtrenar i Dimna IL, Arve Hatløy, meiner den nye Ulsteinhallen i tillegg til effekten av Karsten Warholm er hovudårsaker til den ekstreme interessa for friidrett i sunnmørskommunen.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Karsten-effekten er naturlegvis ein viktig del av dette, men like viktig er nettopp den nye hallen som stod ferdig for rundt tre år sidan.

Denne tysdagskvelden er det rundt 70–80 utøvarar i hallen. Arve Hatløy har berre med seg eit par-tre andre trenarar. Det var derfor rett å ta ein pust i bakken no, meiner han.

– Vi må få inn fleire foreldre og trenarar før vi kan ta inn fleire barn og unge. Vi vil helst gje eit godt tilbod til dei som er her, og då kan ikkje vi sprenge kapasiteten ytterlegare.

Overvelda over interessa

Renate Grimstad (25) er "Dimna-jente", men har vore nesten seks år i Oslo før ho nyleg flytta tilbake. Ho er overvelda over friidrettsinteressa i heimkommunen.

Renate Grimstad

Renate Grimstad (25) er imponert over det gamleklubben har fått til. Ho er tilbake i heimbygda etter nesten seks år i Oslo.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi har alltid hatt godt miljø her og med ein slik hall i tillegg er det ikkje så rart at mange vil vere med.

Emma på 12 er saman med veninnene Clara Håndlykken og Sofie Marie Sunde Aasen veldig klar på at hekk er kjekt, men også det at dei får prøve så mykje forskjellig. Det er veldig kjekt å vere med, så det er dumt at ikkje alle som vil får lov, meiner jentene.

Dimna håper at inntaksstoppen ikkje skal vere for langvarig. Med fleire vaksne trenarar på plass vil klubben på nytt opne opp for at fleire skal få vere med på treningar og stemne i åra som kjem.

Karsten Warholm

Karsten Warholm sette nyleg ny rekord på 400 meter flatt innandørs på heimebane med tida 45,88. Rekorden vart ytterlegare forbetra under NM i Bærum helga etter med tida 45,59.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK