NRK Meny
Normal

Karsten 16 år: – Eg vil ikkje bli for seriøs

Allereie som tenåring var Karsten Warholm ein ambisiøs utøvar. Han sikta mot OL, men var klar på at han ikkje skulle bli for seriøs. – Eg et godteri og det som skulle falle meg inn, sa Warholm.

Karsten Warholm

Då Karsten Warholm var 16 år var det lengdehopp som var den beste greina hans.

Foto: Arve Hatløy

Sommaren 2012 vann 16 år gamle Karsten Warholm det som var av nasjonale friidrettskonkurransar. Under junior-NM tok han gull i dei fem konkurranse han deltok i. Ungguten frå Dimna IL dreiv med mangekamp, og på den tida var lengde favorittgreina.

I eit intervju i tv-sendinga til NRK Møre og Romsdal fortalde Warholm om kor motivert han var til å nå langt. Treningsviljen var stor og han fekk gode resultat.

– Av og til kan snakkinga ta over for treninga, lo Warholm då han vart beden om å skildre seg sjølv som person. Og når det gjaldt kosthald var han klar på at han skulle kose seg.

– Eg vil ikkje bli for seriøs i dette her, då kan eg fort gå på ein smell. Eg et godteri og puttar i meg det som skulle falle meg inn, sa Warholm.

Ville til OL

Sjølv hadde han eit klart mål om å stå til start i eit OL.

– Visst eg vil, trur eg at eg kan klare det, sa 16-åringen.

Og det fekk han rett i. I 2016 debuterte sunnmøringen under OL i Rio de Janeiro, og sette ny norsk rekord på 400 meter hekk under forsøksheatet. Han kom ikkje til finalen, men omverda fekk plutseleg opp auga for talentet. Fleire ekspertar meinte at han burde droppe tikamp og berre spesialisere seg på 400 meter hekk. No har han gjort som han vart rådd til, og onsdag kunne heile Noreg juble over VM-gull.

Arve Hatløy, trenar for Karsten Warholm

Arve Hatløy var trenar for Karsten Warholm frå han var 12 til han var 20 år.

Foto: Arne Flatin / NRK

Inga barnestjerne

Arve Hatløy var trenaren til Karsten Warholm frå guten var 12 år til han var 20 år. I starten var det ingenting som skulle tyde på at akkurat han skulle bli verdsmeister.

– Karsten var inga utprega barnestjerne når det kom til springing. Han var alltid god i ei eller anna øving, og fram til han var 14 år var han best i høgde og lengde, seier Hatløy.

Trenaren trur at det er nettopp fordi Karsten har vore så allsidig at han har kome så langt.

– Det viktigaste er at Karsten gjer det han synest er kjekt og då er det å drive med ulike ting viktig, seier Hatløy.

Karsten Warholm er fredagsgjest i NRK Møre og Romsdal 14.09.12