Hopp til innhold

Kvartfinaler klokka 15.00: Vikhagen Gjeitnes vidare

Kari Vikhagen Gjeitnes er vidare i sprinten i VM på ski. Ho leverte eit solid løp som sikrare henne plass vidare i konkurransen.

Kari Vikhagen Gjeitnes

Her har Kari Vikhagen Gjeitnes gått i mål. Løpet holdt til en tredjeplass i prologen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Kari Vikhagen Gjeitnes kom inn på 3.25.40 og er vidare i rennet. Ho stiller i siste heat i kvinnenes kvartfinale.

No kriblar det i magen, og eg er veldig spent. Dette har eg gledd meg til, sa Kari Vikhagen Gjeitnes rett før prologen starta.

Kari Vikhagen Gjeitnes starta som nummer fire i prologen til sprinten. Løpet sikra henne tredjeplassen i prologen.

VM på ski

Gjeitnes har gått i dei same løypene for kort tid sidan. Medan dei andre på landslaget var opptekne med verdscupen gjekk Kari Vikhagen Gjeitnes Scandinavian Cup.

Ja, den sigeren hjalp godt på sjølvtilliten. Og det er svært fine løyper her. Så no er det berre å klinke til.

De norske jentene i mål på prologen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL