Hopp til innhold

Kåre Johan må delast i tre etter kort tid på havet

Passasjerbåten Kåre Johan er ein etterlengta katamaran, men etter berre nokre få dagar til sjøs er det mellombels slutt. Då skal han nemleg flyttast 1000 meter opp i Jotunheimen.

Kåre Johan

Katamaranen Kåre Johan er bygd av Maritim Partner i Ålesund. Frå starten av juni skal båten operere på Gjende i Jotunheimen og frakte turistar til og frå Besseggen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Ja, det blir ei utfordring og få med båten herfrå, stadfestar skipper og båteigar Harald Øvstedal til NRK.

Harald Øvstedal

Båteigar og skipper Harald Øvstedal følgjer med på Kåre Johan sin første tur på vatnet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Han var til stades då båten Kåre Johan fekk sin første prøvetur på Ellingsøyfjorden tysdag. Det er derimot berre ein prøvetur, for snart skal han til Gjende – 1000 meter over havet.

Båten må fraktast sjøvegen frå Ålesund til Lærdal, før båten skal delast i tre.

– Den skal delast opp og så fraktast med lastebil på landevegen, så vi har igjen mange timar med arbeid før båten er i drift på Gjende, seier Øvstedal, som tek over båten 1. mai.

Kåre Johan

Kåre Johan fekk sin første testtur på Ellingsøyfjorden ved Ålesund tysdag.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Spesiell båt

På innsjøen Gjende skal båten få oppgåva med å frakte fjellfolk inn i hjartet av Jotunheimen. Båten er kalla opp etter Kåre Johan Øvstedal (1944–2016) som var tredje generasjon skipper på Gjendebåten.

Frå starten av juni skal katamaranen Kåre Johan få frakte turistar og norske fjellfolk til og frå storslåtte Besseggen. Det måtte designaren bak båten tenkje på.

Ola Lilloe-Olsen

Skipsdesignar Ola Lilloe-Olsen måtte tenkje på at det er fjellfolk som skal trakke rundt i han Kåre Johan.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er ikkje dei aller største sjøutfordringane oppå der, men det er ein båt som blir brukt heile tida av masse folk med store fjellsko med småstein under. Vi har vore nøydde til å lage ein bruksbåt, samstundes som det skulle bli noko nytt oppå vatnet der, fortel skipsdesignar Ola Lilloe-Olsen til NRK.

Onsdag var også Lilloe-Olsen på plass for å sjå Kåre Johan teste vatnet.

Første i Noreg?

Rune Midtkandal

Salssjef Rune Midtkandal i Maritim Partner følgde testturen til Kåre Johan.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Båten er bygd av Maritim Partner i Ålesund. Verftet fortel at oppdraget har vore spesielt.

– Båten er bygd i tre delar, styrehuset i éin seksjon, hovudsalongen i éin seksjon og skroget i éin seksjon. Difor er prosjektet vårt kanskje det første i Noreg av denne sorten, seier salssjef Rune Midtkandal i Maritim Partner.

Eigar Øvstedal var fornøgd med det han såg onsdag og omtalte det som «ein stor dag».

– Vi har jobba mot og planlagt dette i fleire år, så det er grunn til å heise flagget i dag.

Passasjerbåten Kåre Johan skal vere berre nokre dagar på havet. Så skal han flyttast 1000 meter opp i fjellheimen.