NRK Meny
Normal

Karakteriserer Aurdal-utspel som panikkarta

Fleire ordførarar reagerer på at ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal ikkje går av vegen for å bruke tvang for å få kommunar til å slå seg saman.

Ørstaorførar Stein Aam (Sp)

REAGERER: Ørsta-ordførar Stein Aam er overraska over utspelet frå Ålesunds-ordføraren.

Foto: Andrine Davidsen / NRK

Det er i Klassekampen laurdag at ålesundsordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) ber kommunalminister Jan Tore Sanner (H) gripe inn og bruke tvang for å slå saman kommunar.

Eva Vinje Aurdal

TVANG: Ålesunds-ordførar Eva Vinje Aurdal ber ifølgje Klassekampen kommunalministeren gripe inn.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg håper Jan Tore Sanner tenkjer på andre ting enn å vinne valkampen neste år: at han er konsekvent og myndig og nyttar dei virkemidla som er naudsynte, nemlig tvang, seier Aurdal til avisa.

I ettertid har Aurdal dempa utsegnene sine, og til Sunnmørsposten seier ho at ho fekk bakoversveis då ho las oppslaget i Klassekampen. Likevel vil ho ikkje seie at ho er feilsitert av osloavisa.

Ordførarar reagerer

Ørstaordførar Stein Aam (Sp) er ein av dei som stussar over utspelet.

– Det er overraskande at ein arbeidarpartiordførar i Ålesund går ut med eit slikt utspel overfor ein høgrestatsråd. Det virkar litt panikkarta, seier Aam.

Heller ikkje ordførar i Herøy, Arnulf Goksøyr (H), applauderer:

– Eg synest Eva Vinje Aurdal kan ringe sine eigne først og spørje kva haldning Arbeiderpartiet har til samanslåing, seier Goksøyr til NRK.

Arnulf Goksøyr

ÅLEINE: Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr vil vere åleine.

Foto: Arne Flatin / NRK

I Herøy kommune ville over seksti prosent av dei som deltok i folkerøystinga om kommunesamanslåing at kommunen skulle bli ståande åleine. Også ordføraren har vore klar på at Herøy kommune bør bestå.

– Det blir rart når Vinje Aurdal nærast oppmodar kommunalministeren om å tape valet for å få pressa igjennom kommunesamanslåingar, seier Goksøyr.

Forventar respekt

Innbyggjarane i Sula kommune sa også eit rungande "nei" til samanslåing i folkerøystinga torsdag. Ordførar Jim Arve Røssevoll (Ap) reagerer mot dei som ymtar frampå om tvangsbruk. Også fylkesmann Lodve Solholm har sagt at han ønskjer færre og større kommunar, stikk i strid med resultata frå folkerøystingane.

Jim Arve Røssevoll (Ap), ordfører i Sula.

RESPEKT: Ordførar i Sula, Jim Arve Røssevoll, forventar at resultatet frå folkerøystinga blir respektert.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Eg forventar at Sula sitt val blir respektert, og aksepterer ikkje at nokre vil gå bakvegar for å prøve å få oss med i ein storkommune, seier Røssevoll.

89 prosent av dei som røysta i Sula, ville at kommunen skal halde fram åleine.

Eg blir provosert av dei som vil tvinge saman kommunar som har sagt så tydeleg i frå, seier sulaordføraren.

Innan 1. oktober skal fylkesmann Lodve Solholm kome med sitt forslag til kor mange og kva slags kommunar det skal vere her i fylket.