Hopp til innhold

Ferja hamna midt i skredet: – Det var isbitar og snø rundt heile båten

Kapteinen høyrde eit rabalder oppe i fjellet. Ikkje lenge etterpå stod ferja midt i skya frå snøskredet. Og i Romsdalen blei bilistar vitner til eit ras som gjekk ned mot vegen.

Kapteinen filma skredet som rasa ned fjellsida, før skredskya trefte ferja.

Geir Lillerovde er kaptein på ferja som går dagleg mellom Hellesylt og Geiranger. Då dei nærma seg kai i går, fekk han og passasjerane ei skummel oppleving.

– Vi hadde passert Knivsflå på veg til Geiranger. Eg hadde høyrt det var rabalder opp i fjellet bak oss, men eg visste ikkje kva det var. Eg måtte jo eigentleg sjå den andre vegen.

Då dei hadde passert Geitfonna, ein av dei mest rasutsette plassane, såg han bak.

– Det kom veldig fort imot oss. Det såg nifst ut, men var litt spennande og.

Kaptein Geir Lillerovde på ferja Hellesylt - Geiranger

Kaptein Geir Lillerovde fortel at det var ein del folk om bord i ferja. Dei som stod ute på dekk kom seg raskt inn når snøen nærma seg.

Foto: Geir Lillerovde

Aldri opplevd før

Kapteinen fortel at han var mest spent på korleis båten skulle takle etterdønningane av det store snøskredet.

– Vi merka det godt, det rista og var uvêr. Det var isbitar og snø rundt heile båten. Folk på dekk sprang fort i hus.

Sjå video Her blir Bohuš tatt av snøskred: – Den mest skremmande augneblinken i livet mitt

Lillerovde har berre jobba på ferja i knapt to månader, og har aldri opplevd snøskred på så nært hald tidlegare.

– Eg har sett små ras på avstand her i Geiranger, men aldri slik som dette.

Han seier dei som har lenger fartstid på fjorden heller aldri har vore så «på rett plass til rett tid».

Kan vere farleg

Lillerovde køyrde ferja ut av rasområdet utan problem, men seier det kunne gått mykje verre om dei til dømes gjekk andre vegen.

– Eg trur det er ganske farleg. Hadde vi vore nærare raset kunne vi risikere at vindauga hadde blitt sprengt inn av lufttrykket. For det var eit heftig lufttrykk. Det merka vi.

I dag er han på plass på ferja igjen, trass i gårsdagen sine hendingar.

– Vi er ikkje så lettskremde. I fjorden held vi oss på sikre sider der det er minst rasfare, seier kapteinen.

I januar 2019 opplevde Sander Mossberg Hjelle dette snøskredet i Geiranger på nært hald.

Fare for fleire skred

Førre veke rykte naudetatane ut til sju skred i Møre og Romsdal i løpet av ein dag. Solveig Kosberg i snøskredvarslinga til NVE seier det framleis er betydeleg fare for snøskred, grunna eit svakt lag i snødekket.

Solveig Kosberg, snøskredvarslinga NVE

Solveig Kosberg i snøskredvarslinga seier det er sjanse for at det kan gå store og svært store skred.

Foto: Solveig Kosberg

– Vi må dessverre mase om det same vi har masa om før. Det er betydeleg skredfare, og no når sola byrjar å bli sterkare så vil nok faren auke igjen.

Kosberg håpar dei som vil opp i fjellet er forsiktige, og oppfordrar dei til å laste ned appen Varsom Regobs, der ein får oversikt over kor bratt det er i ulike område.

– Finn turar som ikkje går der skred enten kan losne eller hamne. Vel slakke turar og hald god avstand til bratte fjellsider, oppfordrar Kosberg.

Les også:

Les også Buss var fem sekund frå å bli tatt av ras – Geiranger isolert igjen

Steinar Maråk og bussen han køyrde var berre sekund frå å bli tatt av eit snøskred i Geiranger i dag.