Hopp til innhold

Kapral kom heim igjen til natta

Dei fem sirkusdyra som var sakna på Frei i helga, kom til rette laurdag kveld. Til stor glede for eigaren.

Sirkhushest

Hesten Kapral fekk tørt høy, gulrøter og masse kos då han kom heim laurdag kveld.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Det blei stor gjensynsglede då dei fem sakna sirkusdyra kom ruslande heim igjen laurdag kveld. Då hadde naboar og vener, slekt, familie og ukjende leita etter dei fire hestane og eselet store deler av dagen.

Tilbake etter 24 timar

Ronja Gujord

Ronja Gujord er veldig glad for at hestane og eselet kom heim igjen.

Foto: Arne Flatin / Flatin

- Det var forferdeleg godt å sjå dei igjen. Vi frykta jo det verste, seier Ronja Gujord. Ho hadde akkurat fått tak i sporhund for å hjelpe til i leitinga, då dei fem dyra kom tuslande heim igjen til den unge sirkusdirektøren. Då hadde det gått 24 timar sidan dei forsvann.

Fredag kveld oppdaga ho at sirkusdyra brått var borte.

Les meir:

Veit ikkje kvar dei har vore

Thor og Ronja Gujord

Thor og Ronja Gujord driv Sirkus Zorba.

Foto: Arne Flatin / NRK

Den unge sirkusdirektøren anar ikkje kvar dei fem dyra har vore det siste døgnet.

- Dei kom ruslande ut av den skogen der folk hadde leita heile dagen, så eg veit ikkje kvar dei har vore, seier ho. Gujord er imponert over alle som har vore med og leita.

- Vi er veldig takknemlige. Vener og familie har stilt opp, men også folk vi ikkje kjenner. Dette er eit lite lokalsamfunn. Skjer det noko, stiller folk opp, seier ho.

Vil setje opp nye gjerde

Det har nok skjedd før at sirkusdyra har tatt seg ein liten tur, men dei har aldri vore borte så lenge som eit døgn. Ronja Gujord seier ho reknar med dei har kome seg ut av innhegninga dei står i ved å trakke ned gjerdet. No må det reparerast.

- Vi må få opp igjen gjerdet, sjølv om det er vanskeleg å vite eksakt kvar det er øydelagt, seier sirkusdirektøren.

Ladar opp til april

Først i april skal Sirkus Zorba ut på turne igjen. Før den tid skal hestane, ponniane og eselet få kvile. Litt trening blir det også. I går kveld var det mest mating og kos.

- Dei fekk så mykje! Gulrøter og høy. Og masse kos, ler Gujord.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL