Hopp til innhold

Kaotisk dekkskiftsesong: – Det er rock 'n' roll

Vi har kome over midtvegs i april, noko som betyr stor aktivitet ved bilverkstader og dekkhotell. Veldig stor aktivitet, skal vi tru dei arbeidande med lynraske lunsjpausar.

Dag Johansen

Dag Johansen ved Express Bilservice i Ålesund fortel om svært travle dagar.

Foto: Alf Jørgen H. Tyssing / NRK

– Travelt, veldig travelt. No har eg fått tre minutt på å ete skiva mi i dag, og det får eg resten av desse to vekene her, seier Dag Johansen lynraskt.

«Alle» skal skifte dekk akkurat på same tid, verkar det som for Johansen og andre som skiftar dekk profesjonelt. Express Bilservice i Ålesund er ikkje noko unntak.

Både på kontoret og i verkstaden blir det jobba så sveitten renn. For telefonane sluttar ikkje å ringe og bilane sluttar ikkje å rulle inn.

– Gøy når alt ramlar på plass

Dag Johansen

Dag Johansen sprang frå bil til bil og person til person då NRK besøkte Express Bilservice.

Foto: Alf Jørgen H. Tyssing / NRK

Piggdekka må rett og slett av, for sola har titta fram frå bak skyene og minusgradene ser ut til å ha forsvunne.

– No er sommaren komen, så sommardekka må på bilen. Då har eg avtale her, leverer gamle dekk og får sommardekk tilbake, seier kunde Kåre Bratteberg.

For Johansen og kollegaene er Bratteberg éin av svært mange som treng god service.

– Alle verkstader som har med dekkhotell å gjere har det ganske travelt no. No er det rock 'n' roll, fortel Johansen.

Lukka er om dei klarer å fullføre kvar arbeidsdag til normert tid.

– Det er veldig gøy når alt ramlar på plass og du er ferdig for dagen, du har igjen 15 minutt av arbeidsdagen og alle bilane er tatt. Då har du treft, rundar Johansen av.

Vi har kome over midtvegs i april - og det er no stor aktivitet ved bilverkstader og dekkhotell.
I løpet av denne veka skal piggdekka vere av.

Det er svært hektiske dagar ved dekkhotell og bilverkstader.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no