KANDIDAT: Jon Georg Dale, Framstegspartiet

ÅLESUND (NRK): Jon Georg Dale vil ha bru og tunnel på E39, og meiner det er det viktigaste han kan gjere for heimfylket. Men når han først er heime gler han seg til å kjøpe svele på ferja.

Jon Georg Dale

KLAR FOR KAMP: Jon Georg Dale er klar for å kjempe om fire nye år på stortinget, men synast det var godt å ha tid til litt avslapping på Sunnmøre.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Val

– Åh! Eg skulle gjerne hatt ein slik, men då har eg kanskje valt feil yrke.

Jon Georg Dale

IKKJE PARTILEIAR: Jon Georg Dale ville ikkje spekulere i om han kan bli ein kandidat for framtida. Han har fokus på kva han kan gjere no.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Jon Georg Dale ser på båtane langs Brosundet i Ålesund. Der ligg det alt frå snekker og sjarkar, til dyre yachtar.

Mens han drøymer seg vekk, kjem det drypp frå barndomen i Volda.

– Vi hadde ein færing. Vi starta med å ro, men eg fekk etter kvart på plass ein påhengsmotor. Den hadde 4,5 hestekrefter, seier han og ler.

Det er eit eller anna med lukta av sjø, altså

Jon Georg Dale

– Kor ofte har du sjanse til å vere heime?

– Altfor sjeldan. Altfor sjeldan, sukkar han.

Men så er det over til politikken. Dale har vore landbruks- og matminister sidan desember, 2015. No er han klar for ny valkamp, og han trur den blir meir polarisert enn tidlegare.

– Det eine alternativet, som Frp er sterkt i, vil fortsette kampen for betre vegar, tryggleik for kvardagen til folk, og ikkje minst sørge for næringsliv som skaper lønnsame arbeidsplassar i distrikta, ramsar han opp.

Det er tydeleg at Dale er klar for valkampen, og vil kjempe for å ha ein plass i den kommande regjeringa.

Sjå FrP sitt prinsipp– og handlingsprogram her.

Kva er di hjartesak – og kvifor?

– Dette fylket har mange utfordringar, men fantastisk mange moglegheiter. Skal vi klare å utløyse dei må vi først bygge infrastruktur og bygge oss tettare saman.

– Derfor er ferjefri E39 det aller viktigaste vi kan gjere, for å sørge for at vi har attraktive arbeidsplassar, gode og velfungerande bymiljø og arbeidsregionar. Det vil vere med på å utvikle dette fylket.

Kva var den siste gåva du gav til nokon – og til kven?

– Då må vi tilbake til frua sin bursdag. Nytt sykkelutstyr stod på ønskelista.

– Ho har funne ut at eg må trimme, men at ho må vere pådrivaren. Så ho ønska seg ting for at eg skal gå ned 10 kilo, seier Dale og ler.

– Er det ho som har kjøpt den pulsklokka til deg?

– Det er korrekt!

Kva engasjerer deg på fritida?

– Tottenham!

Dale svarer bastant, allereie før spørsmålet er ferdig stilt. Men det er med glimt i auge, for han har fått gode nyheiter.

– I dag fekk eg faktisk bekrefta at eg får sesongkort på White Heart Lane.

Dei siste sju åra har eg reist til London fire gonger i året for å sjå kamp. Elles ser eg alle kampane på TV.

– Det er mental avkopling. Då kan eg kople ut alt av jobb i ein og ein halv time. Og no er sesongkortet i boks, seier han med eit glis mens han trommar med hendene på kaikanten.

Han seier han vil kjempe for bruer og tunnelar på E39, men det spørst om han ikkje vil sakne noko dersom han lykkast. Når Dale ruslar tilbake mot hotellet snur han seg mot kommunikasjonsrådgjevaren.

– No skal vi på ferja og kjøpe svele!

Jon Georg Dale

HEIMLENGSEL: Jon Georg Dale kom med fleire ytringar om god sjølukt og minner om båtturar, då såg ut over havet frå kaikanten i Ålesund.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK