NRK Meny
Normal

KANDIDAT: Jenny Klinge, Senterpartiet

Ho kjøper ikkje ting frå gateseljarar, men måtte gi tapt for ein kenyanar som selde kunst på gata i Roma. Men kunsten skapar ho helst sjølv, Jenny Klinge.

Jenny Klinge

Jenny Klinge har bygd seg hus for fire år sida ved Todalsfjorden. Men heilt fortruleg med fjordutsikta har ho ikkje blitt.

Foto: Roar Halten / NRK

Oppvaksen i ei dal, med bratte dalsider som gav ho faste rammer for kvar ho kunne gå og vere. Jenny Klinge bur nå ved ein fjord og trivst ikkje heilt med utsikta.

Jenny Klinge
Foto: Roar Halten / NRK

– Eg har vokse opp inne i ein v-dal, Østbødal i Surnadal, det er der hjartet mitt verkeleg ligg.

Eg håper eg ikkje fornærmar alle som bur der eg bur no, men for meg er det skog og elv eg forbind med heim, seier Jenny Klinge når ho forklarer kvifor den vakre fjordutsikta mot Todalsfjord ikkje fell heilt i smak.

Problemet med å vera folkevalt er at ein jo sjølv har ansvaret og såleis også skulda for desse humpane.

Jenny Klinge om vegstandarden

Ho har bygd seg eit atelier over garasjen på det nye huset sitt. Her malar Jenny Klinge med forskjellige stilartar.

– Det som er rart med meg er at eg må vere tjue forskjellige personlegdommar i eit menneske, fordi måleria eg lager er så ulik, seier ho og peikar på dei forskjellige måleria som står utstilt på atelieret.

Sjå Senterpartiets partiprogram her

– Kva er di hjartesak – og kvifor?

– Det må vera å ta heile landet i bruk. Eg er veldig glad i landet vårt, og har innsett at noko av det eg set aller mest pris på, er at det er liv og røre frå nord til sør.

– Den store rikdomen Noreg har er jo ikkje berre ressursane i havet eller oljeførekomstane. I høgste grad er det også ein stor rikdom som ligg i at vi har levande lokalsamfunn i bygd og by i heile landet. Det gjer det mogleg å ta i bruk både dei menneskelege ressursane og naturressursane overalt.

– Eg svarer derfor «ta heile landet i bruk» om hjartesaka mi både trass i og på grunn av at dette er eit godt Senterparti-slagord. Dette handlar også om at alle uansett kor dei bur skal ha gode velferdstenester og kunne leva eit godt og innhaldsrikt liv, samt kunne skape nye næringar og nye arbeidsplassar.

Kva tenker du på når du er aleine i bilen?

– Eg høyrer aller mest på lydbok når eg køyrer bil aleine, for tida er det Assegai av Wilbur Smith. Men det snik seg innimellom inn ein irritert tanke om dårleg vegstandard, for alle humpane på somme vegstrekningar gir ikkje akkurat god flyt i køyringa eller ro i sjela.

– Problemet med å vera folkevalt er at ein jo sjølv har ansvaret og såleis også skulda for desse humpane. Men ein kan også sjå det slik, at fordelen med å bu i det fylket ein skal representere på Stortinget er at ein ser kor desse humpane er og kor skoen trykkjer på ulike politiske område. Såleis får ein kunnskap til å kunne kjempe for meir pengar der det trengst.

Kva var den siste gåva du gav nokon – og til kven?

– Eg må nesten le, for sonen min og eg var i Roma i månadsskiftet juni/juli og då skulle vi kjøpe med ei gåve heim til sambuaren min. Han måtte vera att her i det kalde nord, så han fortente ei gåve, men vi somla oss aldri til å kjøpe noko anna enn ei konfektdåse til han. Men i tillegg gav vi han to små utskorne dyr, ein elefant og ei skjelpadde, som ein veldig sjarmerande kenyansk mann viste oss i Roma.

Vi heldt oss unna gateseljarar elles, men denne karen framviste slik eit humør og gode sosiale skills at vi ikkje klarte å stå imot. No står desse to figurane ved sjakkbrettet på kjøkkenbordet heime. Det var visstnok bestemora til kenyanaren som hadde laga dei, men den opplysninga er ikkje kvalitetssikra.