NRK Meny
Normal

KANDIDAT: Dagfinn Wiik, Pensjonistpartiet

VESTNES (NRK): Personlege erfaringar ligg i botn når Dagfinn Wiik forklarer kva som er hjeresakene hans. Han meiner vi har ein lang veg å gå for å behandle yrkesskada betre.

Dagfinn Wiik

PERSONLEG POLITIKK: Dagfinn Wiik (Pp) seier at politikken han engasjerer seg mest i, har rot i personlege opplevingar.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Val

– Når ein seier ja til litt for mykje, blir det slik at ein kanskje ikkje får gjort alt grundig nok, seier Wiik.

Dagfinn Wiik
Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Wiik innrømmer at han seier ja til veldig mykje, men understrekar at han har ein strategi for å trappe ned.

Han vil fokusere på dei to tinga som opptar han mest.

Dagfinn Wiik på plattform

NORDSJØEN: For Dagfinn Wiik enda oljeeventyret med alvorleg kreft og ein kamp for å bli trudd.

Foto: privat

– Det eine er politikken. Det andre er at eg er leiar av ein nasjonal yrkesskadeorganisasjon. Begge deler heng saman med ting eg har opplevd gjennom livet.

Erfaringa han nemner er at han i ein alder av 41 år fekk alvorleg kreft med spreiing. Ekspertar konkluderte med at giftige stoff frå jobben i oljebransjen gjorde han sjuk. Sidan har han kjempa for å bli trudd.

No er han klar for å ta fatt på valkampen, og kanskje kunne endre systemet for å hjelpe andre i liknande situasjonar.

Sjå partiprogrammet til Pensjonistpartiet her.

Kva vil du få gjort, dersom du blir valt inn?

– Eg vil endre fokuset på eldreomsorga. Vi må sjå meir på behov enn økonomi.

Wiik gestikulerer med hendene og peikar ut vidauget i sentrum av Vestnes. Han er tydeleg engasjert når han fortel om eit prøveprosjekt han vil få i gang i heimkommunen.

Han vil at eldre skal få laga skikkeleg middag heime hos seg sjølv. Ikkje berre at nokon kjem og varmar opp ein ferdig rett.

– I tillegg vil eg gjere mitt beste for å få oppretta eit nasjonalt kompetansesenter for yrkesskade, og det skal ligge i Kristiansund,

Kva tenker du på når du er aleine i bilen?

– Eg må innrømme at det ofte er yrkesskadesaka mi som opptar tankane mine. Eg har heldt på med den ein tredjedel av livet mitt, etter at eg slutta i Nordsjøen som 42-åring. Og den er framleis ikkje ferdig.

Kva var den siste gava du gav til nokon – og kva?

– Den var kanskje ei litt uvanleg gåve. Eg bor med ei som er nokon år yngre enn meg, og ho har lyst på sjøen. Ho har tatt utdanning på Høgskulen i Ålesund og fekk jobb på ein båt. Så gava blei eit sikkerheitskurs så ho kunne ta jobben, seier Wiik og flirer.

– Så no blir eg heime aleine for å passe kattane, legg han til.

Til slutt peikar han opp mot skapet på kjøkkenet, og kjem med ei noko forsinka åtvaring.

– Ser du noko svart der oppe? Den eine katten brukar å ligge der, og kan fort finne på å hoppe ned på bordet. Greitt å vite for ikkje å få sjokk når det skjer.

Dagfinn Wiik og katten Pepita

GODT SELSKAP: Dagfinn Wiik kosar med katten Pepita. Når sambuaren skal på sjøen blir det hans ansvar å ta vare på begge kattane. Det er klar tematikk i namna, for den andre heiter Sushi.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK