KANDIDAT: Bjørn Henning Stockmann, Demokratene i Norge

ÅLESUND (NRK): Førstereis i politikken og stortingskandidat for Demokratene i Møre og Romsdal. Den tidlegare maskinsjefen trur det kan vere ein fordel å ikkje vere ein typisk politikar.

Bjørn Henning Stockmann

UT TIL FOLK: Bjørn Henning Stockmann meiner det viktigaste han kan gjere i valkampen er å snakke med folk, ein til ein.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Val

– Det er litt blanda kjensler: «Hjelp, kva gjer eg?», «Ja, endeleg!» og «Kva skjer?».

Bjørn Henning Stockmann

FØRSTEREIS: Han er utdanna maskinsjef, men er i gang med å omskolere seg innan barne- og ungdomsarbeid.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Bjørn Henning Stockmann prøvar å sette ord på korleis det er å vere førstekandidat – knapt eit år etter at han melde seg inn i partiet.

Partiet er ikkje stort, og Stockmann har lite politisk erfaring. Han ser både fordelar og ulemper med det.

– Den store styrken er at vi har beina planta godt på jorda. Vi har ikkje lova og loge tidlegare. Vi er vanlege folk som har sett oss møkk lei på korleis ting blir styrt, seier Stockmann.

Eg synast dei store partia lovar og lyg veldig mykje

Bjørn Henning Stockmann, Demokratene

– Samtidig er vi er så ferske at vi må starte frå scratch. Vi har ikkje fått vist kva vi kan enda, men eg håper folk vil vere nysgjerrig på oss, legg han til.

Stockmann seier at han er skeptisk til systemet. Han forklarar at han sjølv har erfaringar med dårleg behandling av offentlege etatar som skal hjelpe folk.

Sjå partiprogrammet til Demokratene i Norge her.

Kva er di hjartesak – og kvifor?

– Eg er personleg engasjert i psykisk helsevern. Det er noko eg brenner for. Eg har sett kor ille folk kan ha det og kor dårleg dei blir behandla. No har eg fått ein gyllen moglegheit til å gjere noko med det, og då tar eg den.

– Det er jo diverse offentlege etatar som skal hjelpe folk som slit. Men eg har personlege erfaringar som seier noko heilt anna.

Kva tenker du på når du er aleine i bilen?

– Eg tenker på korleis eg kan hjelpe andre. Eg driv for meg sjølv, som erfaringskonsulent, med noko som er ganske nytt i Norge – Erfaringskonsulent.

– Elles blir det mykje som er daglegdags. Korleis eg skal betale rekningar, familieplanlegging, husgreier og liknande.

Kva jobbar du mot på fritida?

– Det har blitt mykje frivillig arbeid. Eg har mange års erfaring i Røde Kors sitt hjelpekorps, og har vore på ein del redningsaksjonar der.

– Etter at eg kom til Ålesund var eg ei lita periode i Redningsselskapet. Då var eg SAR, eller Search and Rescue-matros som det heiter.

Bjørn Henning Stockmann

HOBBYAR: Bjørn Henning Stockmann fortel at han alltid har fleire prosjekt på fritida, men trur nok han må legge vekk det meste no. Alt fokuset skal vere på valkampen.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK