NRK Meny
Normal

KANDIDAT: Bjørn Christian Rødal, Alliansen

ÅLESUND (NRK): Han har allereie blitt kalla rasist, og seier det var venta. Men Rødal lar ikkje det gå innover seg. – Eg veit kva eg står for, så eg tar meg ikkje nær av det, seier han.

Bjørn Christian Rødal

VIL PROVOSERE: Bjørn Christian Rødal trur Alliansen kjem til å seie ting som er på kanten for å få merksemd i valkampen. – Provokasjon er heilt klart ein taktikk vi allereie har brukt, seier Rødal.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Val
Bjørn Christian Rødal

RASK KARRIERE: Det gjekk berre noker veker frå Bjørn Christian Rødal fekk vite om Alliansen, til han var nestleiar i partiet.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Han såg skuldingane om rasisme komme. Det har det ikkje skremt han frå å fortsette, sjølv om han er rykande fersk i politikken.

Veldig fersk, faktisk.

Rødal fortel om studietida i Bergen. Han følgde med på alternative nyheiter og mykje på det amerikanske valet då Trump blei president.

Så banka det på døra.

– Der stod det ein kar fremst med ei liste, og ein annan i bakgrunnen med barnevogn og full pakke, seier Rødal med eit smil.

– Han eine sa dei skulle starte nytt parti, fordi vi skal ut av EØS. Det var det eg fekk vite då, forklarer han.

Før han fekk prata ferdig hadde eg tatt frå han lista og signert.

Bjørn Christian Rødal, Alliansen

Etterpå prata dei litt, og Rødal las seg opp på Alliansen på nettet. To dagar seinare var han med for å samle underskrifter sjølv.

– Kor lang tid gjekk det frå dei banka på døra, til du var nestleiar i partiet?

– Nokre få veker. Eg blei først partisekretær og det er eg framleis, fordi ingen andre ville gjere den jobben. Vi får sjå om nokon andre kan ta den jobben vidare.

Sjå Alliansen sitt verdiprogram her.

Bjørn Christian Rødal

TIDLEG KRØKAST: Familiealbumet avslører at Bjørn Christian Rødal sa «Nei til EU» allereie som 7-åring.

Foto: Privat

Kva tenker du på når du sit aleine i bilen?

– Då tenker eg ofte på døden. Kor kort tid eit menneske har på jorda, og kor viktig det er å utnytte tida vi har. På eit personleg plan tenker eg på korleis eg kan late etter meg ein betre plass for familien.

– Er du filosofisk av deg?

– Ja, eg er vel meir filosof enn politikar, eigentleg, seier Rødal lattermildt.

Kva var den siste gåva du gav – og til kven?

Han blir heilt stille, og ser konsentrert ut i lufta.

– Jo! Eg kjøpte ein kjole til dama mi. Fordi ho har vore så utruleg fantastisk og støtta meg gjennom masteroppgåva mi. Men ho fekk velje kjolen sjølv da, og den sat som eit skot!

Kva er di hjartesak – og kvifor?

– Desentralisering, svarer han bastant!

– Eg vil at kvar kommune skal få meir sjølvstende og makt. Staten bør ta seg av dei tunge, nasjonale oppgåvene, som forsvar og rettsstell. Men byar og fylke kan få meir moglegheit til å forme sin eigen politikk.

– F.eks. i skulepolitikk treng ikkje vi ein læreplan for heile Norge. Vi kan ha lokale, tilpassa læreplanar for ulike kommunar. Ei kystkommune kan eksempelvis ha meir fokus på båt og kystrelaterte fag.

– Det vil vel bli veldig mykje jobb?

– Ja, forferdeleg med jobb, men det er jo bra. Samtidig er det ikkje sant at du alltid må sentralisere for å effektivisere. Det er jo litt som Alliansen driv også. Vi har nokre få retningslinjer for partiet, men gir mykje ansvar og fridom til kvar enkelt kandidat.

Bjørn Christian Rødal

TJUVSTART: Bjørn Christian Rødal og Navn Navnesen var tidleg i gang med valkampen i Ålesund. Rødal veit det blir vanskeleg å komme inn på Stortinget for eit ferskt parti, men trur likevel dei kan bite frå seg.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK