Kan tape på nye skattereglar

Rauma, Gjemnes, Surnadal og Averøy er blant 68 kommunar som må setje ned eigedomsskatten, dersom regjeringa får gjennomslag for forslaget om å redusere taket på kommunal eigedomsskatt frå sju til fem promille i statsbudsjettet for 2019. Det skriv Dagens Næringsliv. Til saman tapar dei fire kommunane 11,4 millionar kroner.