NRK Meny
Normal

AaFK kan tangere lite imponerande rekord

Dersom Aalesund slår Strømsgodset borte tangerer dei sin eigen lite imponerande rekord: Tre strake sigrar i Tippeligaen. Samtidig kan dei bryte Strømsgodset si endelause rekke av heimekampar utan tap.

AaFK - Strømsgodset

I Ålesund i mai vann AaFK 3–1 over Strømsgodset. Både Aalesund og Godset er utprega heimelag – fredag kveld har drammensarane fordelen. Her ser vi Ola Kamara i lufta, med AaFK-stoppar Jonatan Tollås i bakgrunnen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Vi møter eitt av Noreg sine beste heimelag. Dei har ikkje tapt heime på lang, lang tid. Vi hadde ikkje tapt på heimebane sjølv fram til Molde-kampen.

– Godset kjem til å tape dei òg, så kvifor ikkje mot oss?, spør Kjetil Rekdal retorisk.

Strømsgodset har ikkje tapt på Marienlyst Stadion sidan 16. juni 2011, ifølgje Infostradasports. Den gongen var det Molde som vann 1–0.

Godset har scora i kvar einaste éin av kampane, så Rekdal veit utfordringa er enorm.

– Vi tek ikkje poeng mot dei fordi vi slo dei i vår, men nivåforskjellen mellom laga er ikkje så stor. Eg håper vi kan få med noko heim frå Drammen.

Kjetil Rekdal

AaFK-trenar Kjetil Rekdal trur Aalesund kan overraske i Drammen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Aalesund i flytsona

AaFK har derimot slite på bortebane i år. Før førre bortekamp mot Fredrikstad hadde laget fem tap og fire uavgjort. Mot Fredrikstad blei det siger 3–1.

Førre serierunde følgde Aalesund opp med 2–0 over Hønefoss på heimebane.

Dersom Aalesund slår Strømsgodset på bortebane vil dei tangere sin eigen rekord. Ein rekord som utelukkande kan omtalast som lite imponerande.

Aalesund har kun to gonger gjennom tida i Tippeligaen vunne tre kampar på rad. Éin gong i 2005 og éin gong i 2011.

– Kva tenkjer du om at AaFK kan tangere sin eigen rekord med tre sigrar på rad fredag kveld?

– Hehe, den statistikken vil vi sjølvsagt forbetre. Men det er ikkje lett å vinne i Tippeligaen, meiner Rekdal.

– Vi ligg på 9. plass og har like mange tap som Molde. Det er marginar. Godset vann knapt ein bortekamp fleire år på rad. No er dei serieleiar, held AaFK-trenaren fram.

Saka held fram under bildet.

AaFK - Strømsgodset

Lars Fuhre scora to då laga møttest i vår.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Ein siger kan bringe oss opp på 5.–6. plass

Så utfordringa er stor for dei oransje og blå.

– Vi har berre éin siger på 20 forsøk på bortebane. Men borteforbetringa held fram mot Godset, for vi er ikkje fornøgde med å ligge midt på tabellen, slår Rekdal fast.

– Vi skal jobbe for å kome oss i posisjon. Ein siger kan bringe oss opp på 5. eller 6. plass etter helga. Då har vi eit svært godt utgangspunkt for resten av sesongen.

Han trur kanskje AaFK og han sjølv forventa litt mykje før sesongen.

– Angrepsproblem har prega oss, samtidig som vi ikkje har tatt steget vidare frå i fjor.

– I fjor blei vi derimot nummer ni, og der ligg vi no. Det kan vere vi forventa for mykje i år, noko som gjer at vonbrotet har vore større, seier Rekdal.

Aalesund Michael Barrantes (t.h.), Sander Post og Christian Myklebust (t.v.)

I Aalesund i mai vann AaFK 3-1. Her svevar og jublar Michael Barrantes og Sander Post etter 1-1.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Likar ikkje fredagskamp

I kampen mot Strømsgodset er AaFK-trenaren usikker på kva lag han stiller med.

Han fekk tilbake Jason Morrison, Michael Barrantes og Tremaine Stewart frå landslagsopphald torsdag.

– Laget mot Godset er ei utfordring når det er fredagskamp. Seks spelarar har vore på landslagsopphald, og spesielt Jason har hatt det tøft med to heile kampar.

Rekdal har òg – framleis – problem i angrep.

– Fleire er ute, og det er mykje fram og tilbake. Det seier seg sjølv at vi ikkje kan spele med skadde eller veldig slitne spelarar.

– Så laget er ikkje avgjort enno, men vi skal klare å komponere ein god nok startellevar, avsluttar Rekdal fredag formiddag.

Kjetil Rekdal og Ole Gunnar Solskjær

Dersom Aalesund slår Strømsgodset hjelp dei ikkje berre seg sjølv. Dei vil òg gi trengt hjelp til eit nabo-Molde i gullkamp. Her representert med Ole Gunnar Solskjær.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK