Hopp til innhold

Kan ta ti år å få opp nye kraftlinjer

I Midt- og Nord-Noreg produserer dei altfor mykje straum til eige forbruk. Men på grunn av for få kraftleidningar kan ikkje resten av landet dra nytte av denne krafta.

Strømkabler fra et vannkraftmagasin i Tafjord Møre og Romsdal

KRAFTLEIDNINGAR: Det er planlagt å bygge slike kraftleidningar i Noreg i åra framover, men det vil ta tid.

Foto: Remi Sagen / NRK

I dag vart det sett prisrekord på straumprisen i Sørvest-Noreg. Medan dei som bur i Midt- og Nord-Noreg framleis nesten har gratis straum.

Fylkesordførar i Vestfold og Telemark, Terje Riis Johansen, seier mange bedrifter er bekymra for straumrekninga no.

Det er frykt for nedleggingar, og dei lurer på om dei kan betale rekningane sine i morgon. Det er ein alvorleg situasjon.

Den tidlegare olje- og energiministeren meiner det er ressursar på avvege når ein ikkje klarer å overføre kraft frå nord til sør.

Å sjå dei bileta av vatn som renn over demningane, samstundes som det er så tørt her, det gjer noko med ein, det er dårleg ressursforvaltning.

Zakariasdammen er en demning som demmer opp Zakariasvatnet i Tafjord Møre og Romsdal. Overløp juli 2022

Zakariasdammen i Tafjord i Fjord kommune på Sunnmøre er for full. Dermed må dei tappe demninga og mistar verdifull kraft.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ein slik situasjon med dei enorme forskjellane på pris har vi aldri sett i Noreg før, ifølgje konserndirektør i Statnett, Gunnar Løvås.

Det har stort sett vore lik kraftpris i dei nordlege og sørlege delane av landet dei siste ti åra. Så det siste halvåret har vore ein veldig spesiell situasjon.

NRK forklarer

Kvifor har vi ulik straumpris?

Kvifor har vi ulik straumpris?

Kvifor har vi ulike prisområde?

Straumnettet er delt inn i fem ulike område: NO1 er Austlandet, NO2 er Sørlandet, NO3 er Midt-Noreg, NO4 er Nord-Noreg og NO5 er Vestlandet.

Noreg sitt kraftsystem er basert på vêret, og derfor varierer også prisen på straumen mellom dei ulike områda.

Kvifor har vi ulik straumpris?

Kva er dei ulike områda?

Når vi omtalar høge prisar i Sør-Noreg vil det innebere Austlandet, Sørlandet og Vestlandet.

Låge prisar i nord vil seie Midt-Noreg og Nord-Noreg.

Om du er i grenseland i desse områda, må du kontakte ditt lokale nettselskap for å høyre kva for område du høyrer til.

Kvifor har vi ulik straumpris?

Kvifor kan ikkje nord sende sin ekstra straum til sør?

I Midt-Noreg og Nord-Noreg har dei så god kapasitet på å produsere straum, at dei produserer for mykje.

Men, straum er ferskvare. Og det er ikkje nok kapasitet til å kunne sende straumen vidare til resten av landet.

Straum må gå via leidningar med ein gong den blir produsert. Og det er ikkje nok slike leidningar mellom nord og sør til at dei kan sende all overskotsstraumen.

Vil ta mange år før kapasiteten er betra

På grunn av dårleg overføringskapasitet mellom dei to landsdelane, kan ikkje resten av Noreg få nytte overskotsenergien som blir produsert i nord.

Dette er ifølgje Løvås noko som har vist seg å vere eit problem først no i år.

Kapasiteten i kraftnettet er tilpassa det som har vore det normale behovet. Og tradisjonelt har det vore rimeleg god balanse i kvar del av landet, og lite behov for å overføre kraft.

Det er allereie lagt planar for å betre overføringskapasiteten i Noreg. Blant anna skal kraftnettet verte oppgradert og gjere andre smarte grep for å utnytte nettet betre, men det er først om nokre år at overføringskapasiteten blir betre.

Løvås håper dei første utbetringane vil vere på plass i løpet av dei komande tre åra.

– Men dei større tinga, som å bygge nye kraftleidningar, vil ta frå åtte til ti år, seier Gunnar Løvås.

Les også Omvendt kraftkrise i Midt-Noreg: – Tapar pengar på å produsere straum no

Zakariasdammen er en demning som demmer opp Zakariasvatnet i Tafjord Møre og Romsdal. Overløp juli 2022

Må betre konsesjonsprosessen

Terje Riis Johansen

Terje Riis Johansen meiner Noreg må få fortgang i bygginga av nye kraftlinjer mellom nord og sør i landet.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

For å få bygge nye kraftleidningar, må du få konsesjon, altså søke om løyve til å bygge det. Her er det mange faktorar som spelar inn på om det blir godkjent.

Denne prosessen meiner Riis Johansen ein bør få fortgang i. Han seier at Noreg har eit altfor dårleg system på konsesjonsprosessar.

Her bør regjeringa ta seg ein ryddesjau og sørge for at tida går drastisk ned.

I ein e-post til NRK skriv statssekretær i Olje- og energidepartementet, Elisabeth Sæther (Ap), at straumnettutvalet i løpet av det siste året har jobba med å vurdere grep for å effektivisere prosessen med å bygge nettanlegg, og at forslaget deira no er på høyring.

Elisabeth Sæther, statssekretær olje og energidepartementet

Elisabeth Sæther, statssekretær i Olje- og energidepartementet.

Foto: Naina Helen Jåma/NTB

– Utbygging av ny nettkabel mellom nord og sør er ikkje ei løysing på den ekstraordinære kraftsituasjonen i Sør-Noreg som vi no står midt oppe i. Nettutbygging tek tid, skriv ho vidare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL