Hopp til innhold

Kan slå saman MRF og Fylkesbaatane

Det kan gå mot samanslåing av fleire av selskapa i Fjord1-konsernet.

Fjord1 MRF

Fjord1 MRF mista hurtigbåtrutene i Møre og Romsdal frå 1. januar 2009. No kan det gå mot samanslåing av MRF og Fylkesbaatane til eit sjøselskap i Fjord1-konsernet.

Foto: Illustrasjonsfoto: Åge André Breivik / NRK

Onsdag ettermiddag går leiinga i konsernet i møte med dei tillitsvalde, for å diskutere vegen vidare.

Komprimering

Konsernsjef Olav Smørdal seier til NRK at dette blir fyrste møte med dei tilsette, og at tida er inne for å vurdere om dette kan bli ein realitet.

Forslaga dei skal diskutere er samanslåing av fleire av selskapa i konsernet, for å komprimere strukturen. Per i dag er bussdelen i Fjord1 delt i tre selskap. Sjøfarta til konsernet er delt i to. No vil ein altså samle desse, og utover vinteren skal dette avgjerast.

I januar i fjor samla Fjord1 all si godsverksemd i eit selskap, kalla Fjord1 Transport.

Den gang var det selskapet Fjord1 Gods Møre som vart slått saman med godsavdelinga i Fjord1 Nordfjord/Ottadalen, og godsavdelinga til Fjord1 Sogn Billag, for å effektivisere og spesialisere drifta rundt godstrafikk.

Også buss og båt

Det same kan no skje i bussverksemda, der dei tre selskapa Fjord1 Buss Møre, Fjord1 Nordfjord/Ottadalen og Fjord1 Sogn Billag blir slått saman.

Det er også det som kan skje på sjøfartsdelen, der Fjord1 MRF og Fjord1 Fylkesbaatane blir slått saman til eit selskap. Siste åra har Fjord1 MRF mista både fleire ferjeruter, og alle hurtigbåtrutene sine i Møre og Romsdal til Tide Sjø.

  • I juni 2008 vart det kjent at Fjord1 MRF vann anbodskonkurransen om å drive sambanda Festøya - Solevågen og Magerholm - Ørsneset.
  • - Tide tok ein større risiko , sa administrerande direktør Anker Grøvdal etter at Fjord1 MRF mista dei fire hurtigbåtsambanda i Møre og Romsdal til Tide Sjø i juli 2007.
  • I tillegg mista Fjord1 MRF sine ferjesamband på ytre søre Sunnmøre til Tide Sjø i siste anbodsomgang.