Hopp til innhold

Alpinbakken ved havet kan slå alle rekordar

Det har vore ein svært god vinter for skisentera i fylket. Mot alle odds har også eit alpinsenter langt ute mot kysten hatt ein draumesesong.

Freikollheisen

Alpinbakken ved Frei Alpinsenter har denne vinteren vore open i over tre månedar.

Foto: Roar Halten / NRK

Kristiansund og Frei er langt ifrå dei fremste alpinmetropolane i landet, og det er meir enn fire år sidan Frei Alpinsenter i Kristiansund sist har halde ope. Skianlegget som ligg heilt ute ved kysten er ofte prega av plussgrader og sørvestleg kuling, noko som dårleg let seg kombinere med skisenterdrift.

Men denne sesongen ser derimot ut til å slå alle tidlegare rekordar.

– Når dei først har funne på å bygge ein skibakke her ute på skjæra så må nesten dugnadsgjengen og Kristiansund kommune prøve å ta vare på den så godt som mogleg, seier Olav Thingnæs, driftsansvarleg ved Freikollheisen.

Draumevinter

Og medan sola skin på dei nypreparerte bakkane ligg alt til rette for ein flott dag med ski på beina. Det at det no er fire år sidan sist Frei Alpinsenter har hatt ope, er for lengst gløymt på slike dagar.

Per Inge Storvik, einingsleiar ved Atlanten Idrettspark

Per Inge Storvik håpar på fleire slike vintrar.

Foto: Roar Halten / NRK

– Dette er tredje månaden vi held ope no. Det er fantastisk for oss å ha eit slikt alpinanlegg i nærmiljøet og det har blitt tatt imot veldig godt av lokalbefolkninga, seier Per Inge Storvik, einingsleiar ved Atlanten Idrettspark.

Det er puddervarsel i dag. Men det er truleg ikkje alle som er klar over kor gode forhold det faktisk er i bakken.

– Det er veldig store klimaforskjellar mellom Kristiansund og her. Det kan regne i Kristiansund sentrum medan det snør her. Eg trur ikkje folk er klar over kor gode forhold det er både i slalåmbakken og i lysløypa, seier Storvik.

– Eg håpar vi får fleire slike vintrar framover, slik at det viser seg at det er liv laga å ha eit slik anlegg heilt ute på kysten, held han fram.

Bør ikkje vente for lenge

Olav Thingnæs, driftsansvarleg ved Freikollheisen.

Olav Thingnæs, driftsansvarleg ved Freikollheisen, ber folk om å ikkje vente for lenge om dei vil teste bakken denne sesongen.

Foto: Roar Halten / NRK

Og for deg som trur du kan vente til påske før du tar på deg skia er beskjeden klar.

– Helga ser dårleg ut. Det begynner og vårast om to- tre dagar, så dei som ikkje kjem seg ut no dei første dagane kan kanskje berre gløyme Freikollen, seier Thingnæs.

Alpinanlegget ved foten av Freikollen kan slå tidligere rekorder denne sesongen.

Sjå tv-saka her.