Hopp til innhold

Kan skriket frå Björk felle Mannen?

Den danske avisa Politiken si humorspalte «Baksiden» har funne ei alternativ løysing for å sette i gang raset ved Mannen i Rauma.

Montasje av Björk og fjellet Mannen i Rauma

Den danske avisa Politiken si humorspalte «Baksiden» trur Björk kan få fjellpartiet ved Mannen i Rauma til å rase.

Foto: Montasje av NTBs bilde av Björk og Mannen tatt av NRK.

Campingbil ved Mannen i Rauma

Mannen i Rauma har fått mykje merksemd den siste månaden.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Den danske avisa omtalte den islandske artisten Björk som ein «skrigeballon» då dei tysdag publiserte ei sak på sine nettsider.

Ein «skrigeballon» kan raskt omsettast til den skrikande lyden som oppstår når ein sakte slepper lufta ut av ein ballong.

Ifølgje avisa skal stemma til Björk ha dei nødvendige eigenskapane for å kunne sette fart i bevegelsane ved Mannen.

I nettsaka står det at norske myndigheiter har kontakta Björk for å få den ustabile fjellmassen ved Mannen til å rase.

Les alt om Mannen her.

Stor mediedekning

PK Rauma

Pressefolk frå innland og utland strøymde til Rauma og Mannen.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Pressefolk frå innland og utland strøymde til Rauma i slutten av oktober for å følgje utviklinga ved fjellpartiet Mannen i Romsdalen. På hotellet i Åndalsnes sentrum var det fullt, og over 40 pressefolk budde på hotellet.

Ved foten av fjellet plasserte dei seg for å følgje situasjonen med haukeblikk. I spenning venta journalistane på om fjellpartiet skulle rase ut. Slik gjekk det altså ikkje.

Den danske avisa Politiken har sjølv skrive fleire saker om rasfaren ved Mannen, men har i humorspalta gjort narr av både seg sjølv og eit samla pressekorps i Rauma.

Høgfrekvent lyd

I artikkelen står det at ordførar i Rauma kommune, Lars Olav Hustad, gjerne vil at Björk skal stille seg opp framfor Mannen og synge nokre av sine insisterande og høgfrekvente songar.

Lars Olav Hustad

Ordførar i Rauma Lars Olav Hustad synest saka til Politiken var morosam.

Foto: Arnt Olav Herjehagen

– Lyden kan forplante seg vidare inn i dei sprekkane som vi har funne i fjellet, seier Hustad ifølgje artikkelen.

Vidare skal ordføraren ha sagt at området allereie er evakuert, slik at ingen bebuarar ville bli skadde når Björk syng.

På kommunehuset i Rauma hadde dei også fått med seg den humoristiske nettsaka.

– Ja, den var morosam, seier ein lattermild Hustad til NRK.

Han har derimot lite tru på at Björk kan få Mannen til å rase.

– Det trur eg nok ikkje ho greier, men ho er velkomen til å spele på Rauma Rock når som helst, seier Hustad.

Mannen 3. november
Journalister på Horgheim i Rauma

Mange journalistar tok turen til Rauma for å følgje utviklinga ved Mannen.

Foto: Lena Høyberg / NRK