NRK Meny
Normal

Kan satse pengar på ordførarfavorittar

Det er kamp om makta rundt om i kommunane. Og no kan du også bruke pengar på ordførartipping.

Kjell Neergaard

Kjell Neergaard (Ap) i Kristiansund er den klaraste ordførarfavoritten i fylket, ifølge spelselskapet.

Foto: Anne Mari Flatset / NRK

Spelselskapet Betsson gir folk sjansen til å satse kronene sine på kven som blir ordførarar i Møre og Romsdal. Dei har opna for oddstipping på ordførarvalet i 20 av dei 36 kommunane.

Satsar du tusen kroner på at Maritta B. Ohrstrand frå Senterpartiet blir ny ordførar i Kristiansund, og det slår til, vinn du 750 000 kroner. Satsar du tusenlappen på Kjell Neergaard, Ap,og han går til topps, vinn du berre ei krone.

Maritta B. Ohrstrand

Maritta B. Ohrstrand (Sp) gir høge odds som ny ordførar i Kristiansund.

Riksfjord gir tre kroner

Eit attval av Bernhard Riksfjord i gasskommunen Aukra gir berre 1,03 i odds. Satsar du ein tusenlapp på Riksfjord, går du i overskot med tre kroner.

Dei største ordførarfavorittane i Møre og Romsdal, er ifølge bookmakerane:

  • Kjell Neergaard (Ap, Kristiansund) med ein odds på 1,01 torsdag
  • Lilly Gunn Nyheim (Ap, Surnadal) 1,02
  • Bernhard Riksfjord (Ap, Aukra) 1,03
  • Anders Riise, (H, Hareid) 1,03
  • Eva Hove (Ap, Stordal) 1,05
  • Torgeir Dahl (H, Molde) 1,08
  • Ola Heggem (Sp, Rindal) 1,08

I den største kommunen i fylket, Ålesund, er unge Øystein Tvedt frå Høgre favoritt, med 1,70. Eva Vinje Aurdal frå Arbeidarpartiet har 2,40, og Geir Stenseth (Frp) 5,75.

Satsar du på Venstre-kandidaten Kirsti Dale eller Tore Johan Øvstebø frå KrF får du att åtti gonger innsatsen dersom dei går vinnande ut.

Ordførargambling

Øystein Tvedt (H) er ordførarfavoritt i Ålesund, i følge bookmakerselskapet. (Skjermdump frå betsson.com)

Sitjande ordførar er favoritt

Ordførarar som stiller til attval ser ut til å vere favorittar over heile linja. Høgre-ordførar Arnulf Goksøyr har lågaste odds (og dermed kanskje størst sjanse til å vinne) i Herøy. Det same har partikollegaen Rune Hovde i Ørsta.

Andre noverande ordførarar som er favorittar er: Jan Ove Tryggestad (Sp, Stranda), Lilly Gunn Nyheim (Ap, Surnadal), Petter Lyshol (Høgre, Sykkylven) og Arild Iversen (KrF i Volda).

Frå Farmen til ordførarstolen?

I Rauma kommune har Magnhild Vik frå Senterpartiet, kjent frå TV2-programmet Farmen, lågare odds enn den sitjande ordføraren, Lars Olav Hustad frå Høgre. Farmen-vinnaren som ordførar gir 1,65 i odds. Hustad har 2,85.

Magnhild Vik (i midten)

Farmen-Magnhild er så langt større favoritt enn Lars Olav Hustad til å innta ordførerstolen i Rauma.

Foto: Trond Vestre / NRK

Blant dei som blir levna minst sjansar til å ende opp med ordførarklubba er desse:

  • Maritta B. Ohrstrand (KrF, Kristiansund) med ein odds på 750 torsdag. Ho var ordførar i Frei i åtte år, fram til samanslåinga med Kristiansund i 2007.
  • Geir Atle Gussiås (Rødt, Ålesund) 750 i odds
  • Line Karlsvik (SV, Kristiansund) 750
  • Ola Sønderland (Miljøpartiet De Grønne, Molde) 750
  • Rune Steinberg (Partiet De Kristne, Sykkylven) 750

Her er heile lista for Betsson-oddsa til ordførarvala i 20 av kommunane i Møre og Romsdal.

– Usmakleg, seier Takvam

NRK sin politiske kommentator, Magnus Takvam, er kritisk til spel på ordførarar. Han syns det heile er usmakleg.

– Eg er usamd i kritikken fra Takvam. Vi skaper blest rundt valet, og det må då vere bra, seier PR-Manager i Betsson-group Mikael Mellqvist til NRK.

Under kommunevalet måndag 14.september blir det bestemt kven som får plass i kommunestyra. Ordføraren blir valt av dei innvalde representantane, og ofte er det hestehandel og taktikkeri som avgjer kven det blir.

Frå 1999 var det ei prøveordning i enkelte kommunar med direkte ordførarval, dvs. at veljarane bestemte kven som skulle bli ordførar. Denne ordninga er det no slutt på.