Hans Petter Aarseth
– Treng ikkje bidra
Fleire private firma tilbyr no lagring av navlestrengblod med stamceller i. Blodet blir oppbevart i 20 år i ein internasjonal genbank i Brüssel.
Stamcellene kan brukast i framtidig behandling av sjukdom. Men sjukehusa treng ikkje bidra til dette, seier Aarseth.
Sjukehuset i Ålesund nektar å tappe navlestrengblod for privat oppbevaring. (Foto: NRK)
Nektar i Ålesund
I Ålesund nektar sjukehuset å tappe navlestrengblod for privat oppbevaring. Dei likar dårleg at kommersielle interesser skal tene pengar på slik verksemd.
Nye retningsliner
Aarseth delar Helse Sunnmøre sin skepsis mot privat lagring av stamceller.
Regelverket er uklart, men i løpet av tre veker kjem nye retningsliner for korleis ein skal handtere desse spørsmåla.