Hopp til innhold

Kan møringar og romsdalingar konkurrere ut trønderar og austlendingar i komande OL?

Av 11 norske gullmedaljar i Sotsji-OL hamna heile 7 i Trøndelag. I Møre og Romsdal tør likevel skimiljøet å ta opp konkurransen med trønderane. No ser det fram mot framtidige konkurransar i OL-løypene.

Ski-talenta møttest til kretsrenn mellom Eidsdal og Geiranger. Vil nokre av talenta utvikle seg til å bli framtidige OL-deltakarar?

Denne helga var dei fremste skitalenta frå Møre og Romsdal samla til kretsrenn mellom Eidsdal og Geiranger. Fleire av dei drøymer om å hamne heilt i toppen blant norske skiløparar.

Samtidig som OL er i ferd med å bli avslutta i Sotsji står håpefulle skitalent frå Møre og Romsdal på startstreken i kretsrennet mellom Geiranger og Eidsdal. Fleire av skiløparane drøymer om å stille til start også i eit OL.

Hans Jørgen Vestre

Hans Jørgen Vestre vil bruke dei komande åra på å gjere seg i stand til å konkurrere om ein plass på OL-laget i langrenn.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

Pål Bjørn Øvrebust

Kretslagstrenar Pål Bjørn Øvrebust seier at det godt kan kome ein norsk toppløpar frå Møre og Romsdal.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK
Martine Lorgen Øvrebust

Martine Lorgen Øvrebust er eitt av dei store talenta frå Møre og Romsdal.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK
– Om fire år skal eg vere god nok, seier Hans Jørgen Vestre. Han er akkurat komen i mål og er skikkeleg sliten. Han set seg i snøen og skryt av forholda. På grunn av snømangel nede i bygda er rennet flytta høgt til fjells.

– Inspirert av Northug og Johnsrud Sundby

Hans Jørgen Vestre fyller 18 år i oktober og går på skilinja på vidaregåande skule i Stranda. Han brukar svært mykje av fritida si på å trene på ski.

– Eg trenar mange timar i veka. Dette er artig. Han fortel også at Petter Northug og Martin Johnsrud Sundby er store inspiratorar for han, sjølv om dette slett ikkje var Petter Northug sitt beste OL.

– Ser du for deg at du sjølv kan delta i eit OL?

– Ja, det gjer eg. I neste OL skal eg vere der. Så i løpet av eitt til fem år skal toppforma vere inne, seier Hans Jørgen Vestre til NRK.

– Mange talentfulle løparar

Møre og Romsdal er godt representert i andre skigreiner enn langrenn. Med søstrene Løseth og Sebastian Foss Solevåg frå Spjelkavik og Ragnhild Mowinchel frå Molde, er store deler av OL-landslaget i alpine greiner frå Møre og Romsdal. Trenaren for langrennkretslaget til Møre og Romsdal trur at skiløparane frå Møre og Romsdal godt kan ta opp konkurransen med trønderane og austlendingane.

– Mange klubbar har løparar som er interesserte i langrenn. Det har vore ei utfordring med lite snø. Likevel er her bra med løparar, seier kretslagstrenar Pål Bjørn Øvrebust.

– Kan nokre av desse vere med i eit framtidig OL?

– Jada, så lenge dei ikkje gjev opp, men er tolmodige og held fram treninga, då kan vi håpe. Dei må berre ikkje slutte. Dei kan bli så gode dei berre vil om dei klarer å motivere seg til å halde fram med treninga, seier Øvrebust.

– Men har ikkje trønderane eit fortrinn? Går det an å skape gode skiløparar her i Møre og Romsdal?

– Det går fint. Her er snø, her er anlegg og her er klubbar som har treningar for barn. Organiserte treningar er viktige, slik at her er eit tilbod. Vi har også tilbod gjennom Storfjordlangrenn og Team Nordmøre og Romsdal. Og i junioralder kan dei kome på kretslaget. Heile tida er det mogleg å kome eit steg vidare slik at dei kan utvikle seg, seier Øvrebust.

– Vurderte å flytte til Lillehammer

Eit av dei største talenta i Møre og Romsdal er Martine Lorgen Øvrebust. Ho stiller i 16-årsklassen. Den siste tida har ho vurdert om ho skulle flytte til Lillehammer for å få meir stabile snøforhold.

– Vinteren har vore utfordrande med tanke på snøforholda. Men elles går det svært fint å finne gode treningsforhold i gode løyper her, seier Martine Lorgen Øvrebust.

– Du har vurdert å flytte til Lillehammer, men du har bestemt deg for å bli buande heime?

– Ja. Eg veit at svært mange her heime støttar meg. Det er mange fordelar med å bu heime, seier ho.

Også Martine Lorgen Øvrebust drøymer om å delta i OL. Ho er svært inspirert, ikkje minst etter det tredoble sigeren til dei norske kvinnene under 3-mila i Sotsji.

– Ja, eg har veldig lyst til det. Men, eg får sjå korleis det går, seier ho omtrent i det ho blir ropt opp til start og må skunde seg til startområdet.

Pappa og trenar Pål Bjørn Øvrebust er ikkje i tvil om at her er nokre løparar som kan ta opp konkurransen med trønderane om nokre år.

– Ja, det er heilt klart, seier han.