Hopp til innhold

Moldejazz kan miste millionar i støtte

Den lukrative økonomiske støtteordninga for knutepunktfestivalar skal evaluerast av den nye kulturministeren.

Molde jazz

Moldejazz er ein av festivalane som kan få kutta midlar som knutepunktinstitusjon når ordninga no skal evaluerast.

Foto: Nilsen, Per Tormod / NTB scanpix

Thorhild Widvey

Thorhild Widvey (H) meiner det er på tide å ta ei grundig evaluering.

Foto: Thomas Haugersveen, SMK

Dermed kan Molde Internasjonale Jazzfestival misse millionoverføringar. Det er på tide å ta ei grundig evaluering, seier kulturminister Thorhild Widvey (H).

Medan festivalar som har status som nasjonale knutepunktfestivalar får millionsummar i offentleg støtte, må andre festivalar i stor grad greie seg sjølve.

– Den politiske leiinga i Kulturdepartementet vil sjå nærare på ordninga med knutepunktfestivalar. Det er ein føresetnad at knutepunkta har ein funksjon ovanfor andre festivalar i same felt, seier ho.

I statsbudsjettet for 2014 får Moldejazz 261 000 kroner i auka støtte frå året før, noko som vil gje eit totaltilskot på litt over 6,8 millionar, forutan regionale og kommunale midlar.

Støtta kjem av festivalen sin status som knutepunktfestival, som vil seie at festivalen skal vere leiande i sin sjanger. No står altså då ordninga i fare.

–Trur ikkje ordninga vert fjerna


Festivalsjef Anders Eriksson tek førebels nyheita med knusande ro.

– Eg trur ikkje det er snakk om ei fjerning av ordninga. Ei evaluering inneber dessutan ikkje automatisk at ein skal ta vekk budsjetta, det er trass alt berre ei evaluering. Men at det er debatt rundt ulike ordningar i kulturlivet må vi leve med.

Eriksson seier at knutepunktmidlane er viktige for å gjere festivalen attraktive for sponsormidlar.

– Dette er i tråd med regjeringa sine ambisjonar om ein større del av private midlar på kulturfeltet, seier han.

– Totalt sett gir dette oss større fridom til å teste ut spreke ting, alt ifrå store headlinarar på Romsdalsmuseet til smalare prosjekt, legg han til.

Fått kritikk

Anders Eriksson

Festivalsjef Anders Eriksson trur ikkje Moldejazz står i fare for å miste knutepunktmidlar trass i varsel om ny evaluering av ordninga.

Foto: Øyvind Arvola

Widvey har følgjande grunngjeving for at heile knutepunkt-ordninga skal evaluerast og kanskje endrast.

– Bakgrunnen er at det er ein veldig ulik tilskotstildeling. Vi må sjå på dette i forhold til kritikken som har kome mot ordninga, seier ho.


Les også: Meiner det er urettferdig at Førdefestivalen får 11 mill. neste år

Til dette seier Moldejazz-sjefen at det er viktig å halde oppe eit offentleg tilskot til dei som har eit høgskvalitetstilbod.

– Moldejazz har sidan 1961 bygga opp eit kvalitetsprodukt som har fått knutepunktstatus. Det har vi fått fordi vi er attraktive for publikum og sponsorar, fordi vi har vore nyskapande og minst på grunn av samarbeid med andre aktørar, frå frie grupper til andre festivalar og musikkinstitusjonar, seier han.

Eriksson understrekar at knutepunktmidlane går ikkje berre til drift av festivalen isolert sett.

– Til dømes har Rikskonsertane no blitt lagt ned, og vi samarbeider med andre instutisjonar og andre festivalar som Maijazz og Nattjazz om konsertar også elles i året, seier Eriksson. Vi har mellom anna heilårsdrift i Molde gjennom Storyville jazzklubb.


Sjølv har han nett starta i rolla som festivalsjef.

– Det forpliktar å ha knutepunktstatus, og det er noko eg har tenkt å setje spesiell fokus på framover, avsluttar han.