Kan miste jobben etter flaggskifte

48 sjøfolk mistar jobben når to skip som Remøy Shipping har driftsansvar for, flaggar om til britiske flagg. Det skriv Vestlandsnytt. Ifølgje avisa vil dei amerikanske eigarane segle med hovudsakleg britiske og polske sjøfolk etter flaggskiftet.