Ein alkolås gjer at sjåførar med promille kan verte hindra frå å få start på køyretyet.
I Sverige har halvparten av skulebussane slike låsar, og stadig fleire drosjar tar dei i bruk. I enkelte statar i USA vert det kravd at promilledømde må ha alkolås i bilen.
Kjempar for alkolåsar
DEMONSTRERER: Odd-Harald Bjørnøy med ein alkolås.
Foto: Gunnar Sandvik / NRKMotorførerenes avholdsforbund (MA) kjempar for alkolåsar, og demonstrerer korleis dei fungerer i ein kampanje.
- Du bles inn hit i fem sekund, og så analyserer apparatet pusten din, forklarer Odd-Harald Bjørnøy.
Han ser det som eit effektivt verkemiddel mot trafikkulukker.
- Me vil i utgangspunktet ha det i alle nye bilar frå 2012, men først og fremst i bussar og drosjar.
Vegvesenet testar ut låsane
Statens vegvesen har installert alkolåsar i rundt 70 bilar i Møre og Romsdal.
- Dette er først og fremst for å utvikle teknologien vidare. Det betyr ikkje at me mistenkjer at rusa sjåførar er noko stort problem i regionen, seier rådgjevar Helge Lilleeide.
Fylket vil vurdere
VURDERER: Svein Atle Roseth vil ta saka opp med utvalet.
Foto: Trond Vestre / NRKMøre og Romsdal fylke er oppdragsgjevar for kollektivtransporten i fylket , og får et utvida ansvar for riksvegar frå nyttår - og med det endå meir ansvar for trafikktryggleik.
Leiar Svein Atle Roseth i trafikktryggingsutvalet meiner at alkolås i køyretya kan verte eit krav når kollektivtransport skal ut på nye anbod.
- Må vurdere det seriøst i konsesjonsutdelinga. Sverige har innført dette, og ein stor etat som Statens vegvesen har innført det i tenestebilane sine. Då må jo me vurdere det også, seier Roseth.
MA - Motorførernes avholdsforbund vil ha alkolås i alle nye bilar og demonsterer bilar med alkolås i ein kampanje.
Foto: Gunnar Sandvik/NRK