Kan ikkje slå fast snoking

Fylkeslegen meiner det ikkje er grunnlag for å slå fast at ein sjukepleiar frå Sunnmøre har snoka i 250 pasientjournalar. Arbeidsgjevaren melde kvinna til politiet og varsla fylkeslegen, og hevda dei hadde funne spor etter snoking. Fylkeslegen skriv at det er fleire forhold som gjer at det ikkje er mogleg å vere sikker på kva som har skjedd. For kort tid sidan la også politiet vekk saka på grunn av mangel på bevis.