Trass i at politidirektør Ingelin Killengreen har sagt til NRK at beredskapen må aukast til neste år, så veit ikkje Karoliussen kva situasjonen blir til neste år sidan dette avheng av kor mykje pengar distriktet får frå politidirektoratet.
Besøkte Geiranger
Politidirektør Ingelin Killengreen.
Killengreen besøkte turistbygda 3. og 4. august for å danne seg eit inntrykk av tilhøva der om sommaren. Ho meiner at situasjonen må betrast til neste år, men vil seie kva tiltak som kan bli aktuelle.
I dag er næraste politi stasjonert anten på Stranda eller i Sykkylven.
Omlag ein halv million turistar er innom Geiranger frå mai til september.
Diskusjon
Det er liten tvil om at Geiranger treng ressursar, men når Karioulussen skal fordele pengane på dei ulike lensmannskontora, trur han det vil bli diskusjon om kva som skal prioriterast.
Men trass i tvil om kor mykje pengar politidistriktet får og kampen om desse pengane, så har likevel politimeisteren ei viss tru på at det kan bli endringar til neste år.