Hopp til innhold

Kan ikkje gje garantiar om naudnett

Styresmaktene seier dei har sett inn fleire tiltak for å unngå at naudnettet i Geiranger skal svikte igjen. Det kom fram under eit møte med kommuneleiinga onsdag. Turistbygda var i januar utan naudnett i to dagar etter at ein basestasjon på Dalsnibba slokna. Avdelingsdirektør Sigurd Heier i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap seier dei no har etablert fleire reserveløysingar, men han kan ikkje garantere at det ikkje skjer igjen.

Sigurd Heier i Geiranger
Foto: Synnøve Hole / NRK