Hopp til innhold

Kan havne utanfor ny pilgrimslei

Fleire mellomalderstader i fylket står i fare for å bli ekskludert frå Kystpilegrimsleia. Det vil fylkeskonservator Bjørn Ringstad gjere noko med.

Et lite stykke Bud

Bud er ein av mellomalderstadane som foreløpig ikkje har fått pilegrimsstatus.

Foto: Rebekka M. Skotheimsvik

Leia er eit reiselivsprosjekt med bakgrunn i ei historisk pilegrimslei som går frå Rogaland til Nidaros.

Fem fylke er involverte i prosjektet som dei håper vil gje eit oppsving både i turisme og historieforståing langs kysten.

I Møre og Romsdal ser det i dag ut for at mellomalderstadane Åheim, Herøy, Giske, Borgund, Veøya, Kvernes og Smøla får bli del av den offisielle Kystpilegrimsleia.

Les og:

Men fleire mellomalderstader i Møre og Romsdal fylke står i fare for å bli ekskludert frå Kystpilegrimsleia.

Foreløpig står Tingvoll, Rødven, Bud, Grip og Ulstein utan pilegrimsstatus i prosjektet.

Vil ha med alle

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad ser helst at endå fleire stader i fylket vårt får same status.

– Det er her snakk om sentrale plassar i mellomalderen langs leia opp mot Trondheim, og vi meiner at dei bør vere med.

Bjørn Ringstad

Møre og Romsdal har mange mellomalderstadar med foreløpig pilegrimsstatus, men fylkeskonservator Bjørn Ringstad ser helst at endå fleire stader får same status.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fylkeskommunen har plukka ut tretten-fjorten destinasjonar i vårt fylke, men det er ein heil del fleire enn dei andre fylkeskommunane hadde, og dei måtte redusere det til ei seks-sju stykke.

Les og:

– Men vi vil ha med resten i prosessen vidare likevel. Vi synst dette er so viktige stader alle saman at vi kan ikkje berre hoppe bukk over dei.

– Eg trur dei fleste ønsker å vere med i leia, så eg trur ikkje det blir eit stort problem å få med desse stadane. Ingen har lyst å verte utestengd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL