Kan hamne i rettssystemet

Striden rundt eit nasjonalt deponi på Raudsand i Nesset, kan hamne i rettssystemet. Nabokommunane hevdar reguleringsplanen som er godkjent av kommunestyret, har vesentlege saksbehandlingsfeil. Avdelingsingeniør Per Gunnar Løset i Tingvoll, seier dei kjem til å forfølge saka for å unngå at alt farleg avfall i Noreg blir sendt til Nesset. Det er for tidleg å seie om reguleringsplanen blir sendt tilbake til kommunen, opplyser kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Per Gunnar Løset, avd.ing Tingvoll
Foto: Synnøve Hole / NRK