NRK Meny

Kan ha køyrd i rusa tilstand

Mannen som køyrde bilen i ulukka på Rjåneset i Ørsta i dag er mistenkt for å ha køyrd i rusa tilstand.

Det blir teke blodprøve av mannen og mannen blir meld til politiet. Bilen var på veg frå Ørsta-området i retning Festøya, melder politiet.

To personar er sende til sjukehus i Ålesund i samband med ulukka.