Hopp til innhold

Kan ha funne nytt torskefelt: – Det største som har skjedd på 10–20 år

For første gong på fleire tiår er det gjennomført lønsamt torskefiske ved Jan Mayen.

Mannskapet på Loran

Stemninga var svært god på «Loran» etter den vellukka turen til Jan Mayen. Her ser vi delar av mannskapet.

Foto: PRIVAT

– Dette noko av det mest spennande som har skjedd dei siste 10–20 åra, seier Jan Ivar Maråk, assisterande direktør i Fiskebåt.

Jan Ivar Maråk

Jan Ivar Maråk, assisterande direktør i Fiskebåt.

Foto: Fiskebåt

Utanfor Ålesund er line- og garnbåten «Loran» heime igjen etter sitt tredje tokt ved øygruppa Jan Mayen. Dei siste to månadene har dei drive på med torske- og blåkveitefiske i Norskehavet.

Og resultatet skaper optimisme.

For første gong i nyare tid har det vore lønsamt å fiske etter blåkveite og torsk ved Jan Mayen. Det får fiskerinæringa til å juble.

Kan opne seg nye fiskefelt

Det var tilfeldig at torskefangstane blei oppdaga. Det var nemleg blåkveita båten «Loran» blei rusta for då den gjekk til Jan Mayen første gong. Men no er 300 tonn torsk og 70 tonn blåkveite fiska opp frå djupet i Norskehavet.

Reiarlaget har også sendt fangstprøvar til Havforskingsinstituttet for analyse, etter å ha oppdaga fisken etter ein prøvetur i juli.

Line- og garnbåten «Loran»

Line- og garnbåten «Loran» frå Giske har no fiska 300 tonn torsk og 70 tonn blåkveite på djupet ved Jan Mayen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Dersom dette er ein bestand som oppheld seg i denne sona over lang tid, så har Noreg rett på ein kyststatsandel av denne bestanden, seier Ståle Dyb, skipper og medeigar på båten Loran.

Havforskingsinstituttet skal no undersøke fisken for å finne ut om den kjem frå allereie eksisterande torskestammer i havet eller om det er snakk om ein heilt ny bestand. Fiskarane håper at dette vil bety eit nytt fangstområde.

– Dette er den siste sona Noreg eig som det ikkje har vore drifta på, så det er spennande, seier Dyb

– Døme på oppbevaring

At torsken er tilbake ved Jan Mayen er eit klart døme på oppvarming av havet i området, meiner Nils-Roar Hareide ved Runde Miljøsenter.

Nils-Roar Hareide

At torsken er tilbake ved Jan Mayen er eit klart døme på oppvarming av havet i dette området. Det meiner Nils-Roar Hareide ved Runde Miljøsenter.

Foto: Arne Flatin

– Det interessante er at det var ein liknande situasjon på starten av 1930-talet, seier Hareide.

Og utdjupar:

– Også då var havet varmare og det var godt torskefiske på søraustsida av Jan Mayen. På den tida gjekk også lundefuglbestanden på sørsida av Island ned, og det same ser vi no.

– Må undersøke vidare

I 1991 deltok Hareide sjølv i forsøksfiske etter torsk og blåkveite ved Jan Mayen i regi av Møreforsking og Fiskeridirektoratet. Den gongen var temperaturane på under null grader og det var ingen torsk og svært lite blåkveite.

Hareide vil ikkje spekulere i om det er global oppvarming eller havstraumar som gjer at havet i dette området no er varmare.

– Det blir også spennande å sjå korleis det utviklar seg, og om det er langsiktig eller berre mellombels. Så dette må undersøkast vidare, seier han.

Line- og garnbåten «Loran»

Line- og garnbåten «Loran» frå Giske utanfor Ålesund er no heime etter sitt tredje tokt ved øygruppa Jan Mayen i Barentshavet.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK