Kan ha fått forseinka behandling
Ein kreftpasient i Molde kan ha fått fleire års forsinka behandling.
Sjukehuset i Molde varsla sjølv Statens helsetilsyn nyleg om at dei kan ha oversett ein svulst på eit røntgenbilde. Bildet blei tatt allereie i 2019 og skal ha vist ein svulst, utan at det blei oppdaga.
Pasienten er no under kreftbehandling. Statsforvaltaren har bedd Helse Møre og Romsdal om å sette inn tiltak for å unngå at noko liknande skjer igjen.