Kan gå ned 100.000 kroner i løn

13 tilsette på Sola og i Kristiansund risikerer å gå ned 100.000 kroner i løn i året, etter at dei er overførte frå CHC Helikopterservice og til Securitas. Det seier klubbleiar i CHC, Hans Petter Jensen. Overføringa skjer ein månad og to dagar etter at leiinga i CHC hadde det første møtet med dei tillitsvalde. Direktør i CHC, Per André Rykhus seier at prosessen er gjennomført i tråd med gjeldande regelverk.