Kan føre til regelendringar

Sjøfartsdirektoratet seier Viking Sky-havariet kan føre til regelendringar. Cruiseskipet med over 1300 personar om bord mista all motorkraft i full storm på Hustadvika 23. mars. Det er for tidleg å seie om ulykka vil få etterspel, seier kommunikasjonsdirektøren i sjøfartsdirektoratet, Dag Inge Aarhus. Dei ventar no på rapporten frå Havarikommisjonen, som truleg vil gi fleire svar. Havarikommisjonen er godt i gang med undersøkingane, og skal bli ferdig seinast innan fristen på 12 månader, seier avdelingsleiar for sjøfart Dag S. Liseth.

Avdelingsdirektør Dag S. Liseth i Statens havarikommisjon for transport
Foto: Olaug Bjørneset / NRK