Hopp til innhold

Sunndal kan få verdas første saltkraftverk

Sunndal er eit langt steg nærare til å bli pilotkommune for verdas første saltkraftverk.

Ståle Refstie

Ordfører Ståle Refstie har stor tru på at verdas første saltkraftverk blir bygd i Sunndal.

Foto: Roar Halten / NRK

Statkraft (Development AS) ønskjer å prøve ut ny teknologi til bruk i kraftproduksjonen – og har søkt om konsesjon for eit saltkraftverk.

Ein slik type kraftverk får elektrisk kraft ut av energien som oppstår når salt – og ferskvatn blir blanda gjennom heilt ny teknologi.

Kraftkommunen

Søknaden om å få byggje eit saltkraftverk i Sunndal ligg no hos Norges vassdrags- og energidirektorat. Dersom NVE gir klarsignal skal kraftverket byggjast på industriområdet ved utløpet av Litldalselva.

Ordførar Ståle Refstie meiner Sunndal er ein naturleg stad for eit saltkraftverk.

– Vi har mykje kompetanse her. Vi er ein kraft- og ingeniørkommune. Det passer godt inn i næringslivet vårt, seier Refstie.

Eit slikt saltkraftverk vil skape nye arbeidsplassar i området.

– I tillegg kan vi sikre lokal kompetanse rundt dette, slik at det går an bygge næring vidare på framover, seier Refstie.

Straumen blir til under prosessen som oppstår når salt og ferskt vatn møtast. Planen er at eit fullt utbygd saltkraftverk skal produsere dobbelt så mykje straum som Sunndal kommune bruker i dag, når ein held Hydro utanfor.

Nytt krafteventyr

Refstie håper på eit nytt krafteventyr i Sunndal.

– Vi har jo ynskja dette anlegget heilt sidan teknologien til dels blei utvikla i Sunndal.

Sunndals-ordføraren har stor tru på at Sunndal får det første saltkraftverket i verda.

– Eg har ikkje sett champagnen på kjøling, men eg har sett den på ei bestillingsliste, seier Refstie med eit smil.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL