Leiar av samferdselsutvalet Oddbjørn Vatne (Sp), seier dei får ein rapport om som gir svar på om dei har pålegg om å brannsikre og kva følgjer det får.
– Det er klart at dersom det er eit påbod frå sentralt hald om å gjennomføre dette, så må ein brannsikre Fannefjordtunnelen, men så langt har eg ikkje sett dette.
Trua med å stengje tunnelen
Fannefjordtunnelen
Den 2743 meter lange undersjøiske vegtunnelen går under Fannefjorden mellom Molde og Bolsøya på fylkesveg 64.
Over nyttår byrjar arbeidet med vassikring og betring av lys i Fannefjordtunnelen i Molde, men det er ikkje sett av pengar til brannsikring.
Med
friskt i minnet, vart det i byrjinga av oktober gjennomført ei stor i tunnelen for å kunne vere i stand til å handtere vanskelege situasjonar på best mogleg måte.Etter brannøvinga i tunnelen trua brannsjefen i Molde med at han vil vurdere å stengje Fannfjordtunnelen på grunn av manglande brannsikkring.
Les:
Moldepolitikarane sette så i gang ein aksjon for å overtale sine fylkestingsgrupper om at brannsikring av tunnelen no må på plass, og formannskapet har sendt krav til fylkestinget.
Den 2743 meter lange undersjøiske vegtunnelen går under Fannefjorden mellom Molde og Bolsøya på fylkesveg 64.
Foto: NRKManglar pengar
Så langt finnast det ikkje eit påbod om å brannsikre Fannefjordtunnelen, men samferdselsutvalet har bede om gjennomgang av saka, slik dei er sikre på kva som skal gjerast.
Men det er eit dilemma for ein fylkeskommune utan meir pengar.
I Møre og Romsdal er det registrert eit samla behov på 5,6 milliardar kroner for å ruste opp tunnelar, vegar, bruer og ferjekaier.
Les:
Fylkeskommunen er vegeigar, men fylkestingspolitikaren Oddbjørn Vatne synest at staten burde ta etterslepet og kostnadene med å renovere dei farlige tunnelene våre.
– Det er eit vanskeleg spørsmål dette. Hadde vi hatt rikeleg med pengar, så hadde Fylkeskommunen teke kostnadane sjølv.
Skal seie ja eller nei til brannsikring
Vatne peikar på at dersom Fylkeskommunen skal betale for brannsikring av Fannefjordtunnelen, må dei ut med 70-80 millionar kroner.
– Då må vi også halde fram med brannsikring av Godøytunnelen i Giske, som ligg på andreplass på prioriteringslista, og det vil bli betydeleg dyrare. kVar endar vi då økonomisk, spør samferdsleleiaren.
Rapporten med fakta om brannsikring av Fannefjordtunnelen skal være klar til fylkestinget i Geiranger neste veke. Då får politikarane moglegheit til å seie ja eller nei til brannsikring, slik brannsjefen i Molde og formannskapet har kravd.
– Det er bra at vi får rette opplysningar til Fylkestinget si handsaming, seier Oddbjørn Vatne.
Les også: