Hopp til innhold

Kan få omgjort gamle avslag

Sauebønder på indre Nordmøre vil ha omkamp om fleire år gamle avslag på rovdyrerstatning. – Gamle vedtak held ikkje lenger mål, seier Ulf Lucasen hjå Fylkesmannen.

død sau

Fleire sauebønder klagar inn gamle avslag på rovvilterstatning.

Foto: Lars Bjørn Martinsen / NRK

Dei tre første krava frå sauebønder på indre Nordmøre om omgjering av gamle avslag på rovdyrerstatning er kome inn til Miljødirektoratet. Klagene kom inn etter at ein sauebonde vann fram i ei prinsipiell sak i Frostating lagmannsrett i november.

– Følgjer ikkje nye prinsipp

Ulf Lucasen

Ulf Lucasen i miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen meiner gamle vedtak om avslag om rovvilterstatning ikkje lenger heldt mål.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det gamle avslaget sauebøndene har fått, følgjer ikkje dei prinsippa som vart slått fast i den dommen, forklarar Ulf Lucasen hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Dommen betyr at staten også må vurdere andre årsaker til sauetap enn rovdyr. Erstatningssaker frå 2012 og tidlegare år vil dermed kunne bli vurdert på ny.

– Tidlegare har vi berre vurdert risikoen og sannsynet for rovviltskade. Det heldt ikkje lenger, seier Lucasen.

Fleire årsaker

Også tidlegare har ein vurdert andre årsaker til sauetap enn rovdyr, men dette har ikkje kome klart nok fram i vedtaka om avslag.

– Årsaker som flåttborne sjukdommar, fall, flaum og andre ting som gjer at dyr kreperer på beite vart ikkje vurdert slik som dei burde, meiner Lucasen.