Hopp til innhold

Kan få dekt ekstrakostnadene etter Mannen-evakuering

Både bebuarane ved Mannen og Rauma kommune har hatt store ekstrakostnader i samband med evakueringane. No varslar olje- og energiminister Terje Søviknes at kostnadene kan bli dekt.

Lars Olav Hustad Terje Søviknes

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad og olje- og energiminister Terje Søviknes i samband med orienteringsmøtet måndag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Rauma kommune møtte måndag represtantar for ei rekkje departement for å orientere om situasjonen til dei som blir evakuerte kvar gong NVE melder raudt farenivå ved det rasfarlege fjellet Mannen.

Eit av hovudspørsmåla var korleis storsamfunnet kan stille opp for husstandane som både må leve med skredfaren og som får kvardagen og økonomien endra som følgje av stadige evakueringar.

– Søk Fylkesmannen om skjønsmidlar

På møtet måndag kom det fram at Rauma kommune har dekt kostnadene familiane har hatt i samband med evakueringane.

– No har vi diskutert om kommunen kan gå vidare til Fylkesmannen og eventuelt søke om skjønsmidlar, seier olje- og energiminister Terje Søviknes til NRK.

Søviknes karakteriserte dagens møte som eit godt møte der han fekk presentert gode statusrapportar frå Rauma kommune. Under møtet fekk ministrane ein gjennomgang av evakueringane sist haust.

– Vi skal framleis bruke statlege midlar til å tilføre vatn til fjellmassivet når det blir raudt farenivå neste gong også, sa Søviknes etter møtet.

– Godt nøgd

Også ordføraren i Rauma, Lars Olav Hustad, var nøgd med møtet med dei involverte departementa. Han seier at departementa no er godt orienterte omsituasjonen. Og han stadfestar signala om at både kommunen og bebuarane skal få dekt kostnadene sine.

– Fokuset vårt er i første rekkje at dei som bur i området skal ha det bra. Så skal vi finne dei økonomiske løysingane etter kvart. Det er klart at det kostar pengar å evakuere folk. Men vi går no til Fylkesmannen og søkjer om skjønsmidlar. Slik blir kostnadene til både bebuarane og kommunen dekte, sa Hustad når møtet var over.

Møte mellom Rauma kommune og OED.

Her er delegasjonen frå Rauma på plass i møte med departementa i Oslo.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Vurderer naturskadelova

Så lenge fjellet ikkje slepper taket har det ikkje vore nokon skade. Men det har vore store ulemper for dei som bur i området. Men utan nokon skade blir meirkostnadene ikkje dekte av Naturskadefondet. På møtet blei det også drøfta om naturskadelova bør endrast.

– Det ville i så fall få vidtrekkande følgjer og det må utgreiast grundig. I siste instans ville det vere forsikringstakarane som måtte betale for ei slik ordning. Vi har fått kommunen sine synspunkt på dette og vil kome attende med dette seinare, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

– Stor forståing

Ministeren forklarte at han har stor forståing for dei som må bu under dei skredfarlege fjella.

– Eg har forståing for den fortvilinga dei har dei som bur under det skredfarlege fjellet. Det kommunen har gjort er storslått og raust. No påpeikar vi at kommunen bør gå til Fylkesmannen for å få skjønsmidlar til dette, sa Søviknes.

Se utviklingen ved fjellet "Mannen".