Hopp til innhold

Opnar for at Storbakken blir brukt til anna enn sjukehus

Fylkesmannen er positiv til å diskutere kva tomta på Storbakken skal brukast til, når det ikkje kjem sjukehus. Tomta har verneverdi på grunn av kystmyr.

Sykehusalternativ

Denne tomta var eitt av alternativa til nytt sjukehus i Nordmøre og Romsdal.

Foto: Heine Schjølberg

Jon Ivar Eikeland

Fagsjef Jon Ivar Eikeland ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Tysdag utsette formannskapet i Kristiansund vedtak om kjøp av Storbakkentomta til 16 millionar kroner. Tomta var tiltenkt det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal, men i desember vart det bestemt at det nye sjukehuset skal ligge på Opdøl i Molde.

Administrasjonen i Kristiansund kommune meiner at tomta likevel bør kjøpast, slik at ein kan bruke den til bustadtomter og offentlege føremål.

Verneverdig kystmyr

Tidlegare har det vore restriksjonar på bruken av tomta av omsyn til verneverdig kystmyr.

–Det er lite attverande kystmyr i eit så stort omfang, seier fagsjef Jon Ivar Eikeland ved miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen.

Då spørsmålet om å bruke tomta til sjukehus kom, valde Fylkesmannen å sjå bort frå verdien av myra, fordi samfunnsnytten av eit sjukehus var høgare.

Gå gjennom saka på nytt

– No har Kristiansund kommune tenkt å bruke tomta til andre føremål, og dei har kontakta oss. Vi vil vite kva dei skal bruke tomta til og vi er positive til å gå gjennom saka på nytt, seier Eikeland.

Fylkesmannen og Kristiansund kommune skal i nær framtid møtast for å diskutere tomtebruken.

Se dronebilder av Storbakken-tomten HER - Video

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL