Hopp til innhold

Kan brenne i dagevis

Gassen i propantanken i den kollapsa bustadblokka i Ålesund kan brenne i fleire dagar.

Boligblokk Ålesund
Foto: FORSVARETS 330 SKVADRON

Brannvesenet har framleis ikkje kontroll over brannen i den kollapsa bustadblokka. Det kan ta fleire døgn før propanen i gasstanken er brent ut.

Gasslekasje

- Det lek gass meir eller mindre kontinuerleg frå tanken, seier innsatsleiar Kjell Kvenseth ved Ålesund politistasjon. Dermed brenn det i rykk og napp, og også inventar tek fyr frå tid til anna, seier Kvenseth. Vi veit ikkje kor lang tid det vil ta før tanken er tom. Det kan brenne i fleire dagar, seier han.

Forverra

Kvenseth seier også at dei vurderer situasjonen som verre enn tidlegare i dag. - Vi har oppdaga sprekkdannelsar i bygningen. Dette er sprekka vi ikkje såg tidlegare på dagen, seier han.

Evakuerte

Opp mot 1000 personar er evakuerte frå bustadene i nabolaget. Bakgrunnen er frykt for at tanken med propangass skal eksplodere.