Kan bli utvida kolonnekøyring

I helga kan det bli kolonnekøyring fram til klokka 10 i Valderøytunnelen. Vanlegvis gjeld kolonnekøyringa i tunnelen frå kl. 20 til 06, men fordi entreprenøren skal utføre arbeid i vegbanen, kan det bli aktuelt å utvide med ekstra timar både laurdag og søndag morgon. Arne Ola Stavseng i vegvesenet ber dei som skal nå fly eller på jobb, om å rekne seg litt ekstra tid. Det blir kontinuerleg kolonnekøyring med inntil 20 minutts ventetid. Ellingsøytunnelen blir opna for fri ferdsel som vanleg klokka 6 både i morgontidleg og søndag.

Valderøytunnelen stengd
Foto: Ann Kristin Bekkevoll