Kan bli teken ut i streik tysdag

112 ingeniørar, radiografar, farmasøytar og jordmødrer blir tysdag teken ut i streik om ikkje SAN Helse og Spekter kjem til einigheit med Riksmeklaren på måndag. Arbeidstakarorganisasjonane meiner at deira medlemmer har tapt pengar over tid, og meklinga gjeld helseføretaka Oslo universitetssjukehus, Helse Bergen og Helse Møre og Romsdal.