NRK Meny

Kan bli slått saman med tvang

Mellom 15 og 20 norske kommunar er på lista over kommunar som kan bli tvangssamanslått. Det skriv Aftenposten. Ifølgje avisa vil Stortingsfleirtalet ha fortgang i prosessen med kommunereforma og ønskjer å slå saman fleire kommunar med tvang. I Møre og Romsdal kan Haram bli ein del av Nye Ålesund kommune, saman med Skodje, Sandøy og Ørskog. Hareid og Ulstein blir slått saman til ei kommune, og Gjemnes (med unntak av øya Bergsøy) til Molde, Midsund og Nesset.