NRK Meny

Kan bli raudt i løpet av kvelden

Trass auka rørsler i det rasfarlege partiet ved fjellet Mannen oppgraderer NVE ikkje til raudt farenivå enno. Det blei klart etter eit møte mellom NVE, politi og Rauma kommune no i ettermiddag. Men NVE følgjer situasjonen nøye. – Så langt er det oransje nivå, men det er nærliggande å tru at dersom nedbøren som er meldt i løpet av kvelden kjem, så kan vi risikere å gå opp i raudt farenivå, seier geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala. Rørslene har no ei døgnhastigheit på 3 cm i den øvre delen av det rasfarlege partiet.

Mannen-møte
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK