Hopp til innhold

Kan bli propp i systemet

Tingrettane har eit budsjett som ikkje dekker dei auka kostnadene. Sorenskrivar Svein Eikrem i Romsdal fryktar at domstolane kan bli skuld i at sakene hopar seg opp i rettssystemet.

Sorenskrivar Svein Eikrem

Sorenskrivar i Romsdal, Svein Eikrem.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Eikrem seier det er dugnaden frå alle tilsette som gjer at dei greier å halde fristar og krav som Stortinget set, trass i pengemangel.

Men når politiet får auka løyvingar utan at også domstolane får pengar, fryktar han at sistnemnde skal bli ein propp i systemet.

– Vår økonomiske situasjon er alvorleg, på grunn av alt for låge budsjett, seier Eikrem.

Tilleggsløyvingar

Romsdal Tingrett

Her held Romsdal tingrett til, i påvente av nye og eigne lokale.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Sorenskrivaren i Romsdal tingrett sit framleis i gamle og leigde lokale. Pengar til nytt tinghus er langt ute i det blå. Ifølge Eikrem kostar det per i dag langt meir å drive tingretten, enn det den får frå staten.

– Utan tilleggsløyvingar frå domstolsadministrasjonen ville ikkje vi vere i stand til å betale våre faste utgifter.

Streng styring på økonomien, kurs for dommarane berre når andre betalar for det, sjå nøye på alle utgifter, er slikt Eikrem peikar på at dei gjer for at det skal gå rundt.

– Dette føler vi på kvar einaste dag. Og når det gjeld avvikling av saker, så er det ein veldig stor dugnadsinnsats frå alle medarbeidarar for å halde fristane som er sette.

Lange dagar

– Det kan bli mange og lange arbeidsdagar for dommarane. Men det er utan ei einaste krone i overtid, sjølv om dommarane i snitt jobbar 25 prosent over normalarbeidstid.

Romsdal tingrett

Her kan sakene stoppe opp dersom tingrettane ikkje får meir pengar, meiner Svein Eikrem.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

No fryktar altså Eikrem at domstolane skal bli ein flaskehals. Han er glad for at politiet får meir pengar, men føreset at det inneber at fleire saker hamnar for retten.

Han meiner dei kunne vore meir effektive med moderne teknologi. Eikrem viser til at domstolsadministrasjonen har kome med forslag til digitalisering av domstolen, med bruk av elektroniske dokument. Men ifølge Eikrem har ikkje Stortinget løyvd noko til slike tiltak, som han meiner kunne ført til pengar spart.

– Då kan heller ikkje Storting og regjering vente at domstolane greier å halde dei same fristane som før.