Hopp til innhold

Kan bli lang AaFK-sesong

Dersom Aalesunds FK hamnar på ein kvalikplass i OBOS-ligaen kan det bli ein lang sesong for tangotrøyene. Først blir det eventuelt kamp mot lag nummer seks i OBOS 25. november, deretter eventuelt ny kamp mot vinnaren av kampen mellom lag fire og fem 29. november. Laget som vinn denne kvalifiseringa går vidare til nye kvalikkampar mot lag nummer 14 i Eliteserien. Desse kampane blir spelt 5. desember (eller 6. desember om motstandar blir Strømsgodset) og 9. desember. Søndag blir det avgjort om AaFK rykkjer direkte opp eller hamnar i kvalifisering. Dersom AaFK slår Strømmen borte kan dei rykke opp dersom Viking eller Mjøndalen feilar. Dersom AaFK taper, eller både Viking og Mjøndalen vinn sine kampar, blir det heilt sikkert tredjeplass.

1. divisjon fotball 2018, Aalesund - Viking.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix