Hopp til innhold

Kan bli kritisk utan støtte

Direktør ved Hotell Union hotell i Geiranger, Monja Mjelva, meiner situasjonen kan bli kritisk om ikkje reiselivsnæringa framover får like mykje koronastøtte som tidlegare i år. Etter kvart som koronasmitten har auka i Møre og Romsdal har hotellet fått fleire avbestillingar, og det er uvisst korleis det går med julebordsesongen. Hittil i 2020 har støtte frå det offentlege vore viktig for hotellet. – Dessverre ser det ut til å bli både ei halvering og meir enn det, og det kan ha dramatiske konsekvensar for oss. Det er veldig alvorleg. Her er dei nøydd til å sjå på betre ordningar skal vi klare oss, når vi ikkje har ein marknad i 2021 heller, seier Mjelva.

Monja Mjelva
Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL